Yrkesfaglærar Helse og oppvekstfag

Førde vgs/Høyanger vgs, Vestland fylkeskommune   

Frå 2026 blir Høyanger vidaregåande skule ei avdeling under Førde vidaregåande. Denne stillinga er primært lokalisert til skulestad Høyanger vidaregåande skule for skuleåret 2025-26.  

Arbeidsoppgåver

Undervisning på Vg1 Helse og oppvekstfag og Modulstrukturert vaksenopplæring (MFY). 
Stillinga kan bli tillagt kontaktlærarfunksjon 

Kvalifikasjonar

Yrkesfaglærar med fagbrev som helsefagarbeidar
Høgare utdanning innan Helse- og oppvekstfag som til dømes sjukepleiar, vernepleiar med PPU. 
Godkjent pedagogisk utdanning
Relevant praksis innan fagområda vil bli vektlagt 
Gode IKT- ferdigheiter
God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar

Du er god til å danne relasjonar med elevar.

Vi søkjer ein person som er har gode samarbeidsferdigheiter, og er løysings og utviklingsorintert.

Du har evna til å setje deg inn i nyvinnande fagkunnskap innan fagfeltet og i lærarprofesjonen. 

Vi tilbyr

Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
Gode pensjons og forsikringsvilkår
Gode moglegheiter for utvikling og læring i eit godt arbeidsmiljø

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.forde.vgs.no.

Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. 

Kontaktinformasjon

Hilde Joveig Ellingsund, Avdelingsleiar, +47 57637615, hilde.joveig.ellingsund@vlfk.no

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4947460630
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted