Tannhelse, Telemark Fylkeskommune
Me søker ein erfaren og engasjert tannlege til ei spennande 50% mellombels mentorstilling. Stillinga er knytt til eit nytt prosjekt for kompetanseheving og fagleg støtte ved distriktsklinikkar i Telemark fylkeskommune. Engasjementet vil i første rekke strekke seg over ca 8 mnd.
Dette er ei unik moglegheit for deg som ynskjer å bidra til fagleg utvikling og å styrke tannhelsetenesta i Telemark!
Prosjektet har som mål å sikre god oppfølging og fagleg støtte for nytilsette og mindre erfarne tannlegar og tannpleiarar i distrikta. Mentorrolla inneber både fysisk nærvær og digitale oppfølgingsmøte. Prosjektet skal bidra til auka tryggleik, kompetanse og trivsel – og dessutan auka stabilitet i bemanning.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing av kollegaer (både digitalt og fysisk)
- Klinisk arbeid på eigne pasientar, som omfattar alle pasientgrupper
- Halde seg fagleg oppdatert, søkje råd hos kollegaer og følgje retningslinjer for evidensbasert behandling slik dei gjeld i Noreg
- Utføre ulike administrative oppgåver knytte til ei tannbehandling
- Vere eit positivt bidrag til arbeidsmiljøet på klinikken og delta aktivt i fellesskapen på klinikken
- Delta i arbeid med systematisk fagutvikling og kompetanseheving på arbeidsplassen
- Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling og andre felles oppgåver for drift på klinikken
Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
Til denne stillinga er det krav om norsk autorisasjon som tannlege. Det er eit krav om minst 5 års erfaring som klinisk tannlege, og du framstår som ein erfaren tannlege med stor breidde frå klinisk pasientbehandling. Du evnar å vidareformidle kunnskapane dine på ein trygg og motiverande måte.
Pasientane skal forstå kva du seier og journalføringa skal vere på eit slikt nivå at vi fyller krav til journalføring av behandlinga. I tillegg er munnleg og skriftleg kommunikasjon sentral knytt til veiledning av kollegaer. Det blir derfor stilt krav til å meistre norsk svært godt, både munnleg og skriftleg.
Politiattest i samsvar med helsepersonelloven §20a.
Det er ynskjeleg at du har kompetanse til å nytte IKT-løysingane frå fylkeskommunen, ser moglegheiter i ny teknologi og er motiverte for å ta i bruk nye digitale løysingar.
Vi trur du vil trivast i stillinga om du har disse personlege eigenskapane:
- gode kommunikasjonsevner
- gode samarbeidsevner
- fagleg tryggleik og framleis er fagleg nysgjerrig
- evne til å jobbe sjølvstendig og ta initiativ
- evne til fleksibilitet når tempoet blir høgt
Arbeidsstad
Fysisk lokasjon for stillinga er tenkt tilknytt Vinje tannklinikk, men me er opne for å vurdere lokasjon også ved Seljord tannklinikk.
Vinje tannklinikk er ein moderne tannklinikk med gode romløysingar. Her delar me bygg med mellom anna legekontor, helsestasjon og sjukeheim. På klinikken har me fem behandlingsrom, lab og OPG. Det jobbar fire tannlegar med tilhøyrande tannhelsesekretærar og to tannpleiarar ved klinikken. Klinikken bruker Opus journalsystem og digitalt røntgensystem. Me disponerer ein tenestebil som me kan nytte i arbeidsrelaterte oppdrag.
Åmot i Vinje ligg i Vest-Telemark, midt mellom Bergen og Oslo – ved foten av Hardangervidda. Vinje er ein nasjonalparkkommune med gode moglegheiter for friluftsaktivitetar. Ein kort køyretur til mellom anna gode skimoglegheiter på Rauland og Hovden skisenter.
Me tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med hyggjelege kollegaer
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- I tillegg til felles kurs og samlingar har vi også individuell kurspott til alle faggrupper
- Me arrangerer jamlege digitale faglunsjar
- Lønn etter avtale
- God offentleg pensjonsordning
Hjå oss får du jobbe med heile spekteret av pasientar innan alle fagretningane innan odontologien. Å jobbe som tannlege i tannhelsetenesta i Telemark inneber lagarbeid med andre tannlegar, tannpleiarar og tannhelsesekretærar i eit godt og breitt fagmiljø. Det vil bli stilt krav til eigeninnsats og deltaking i fellesskap på klinikken. Me trur difor du vil trivast om du er ein strukturert og fagleg interessert tannlege med gode samarbeidsevner.
I fylket har me verdiane kompetanse, samarbeid og openheit og håpar du har lyst til å vere med på å la desse vere synleg i måten me jobbar saman på. Me trur nemleg at me leverar betre tenester til innbyggjarane våre om me på klinikken samarbeider godt på tvers av alle yrkesgrupper og bidreg til kvarandres faglege utvikling ved å stille spørsmål og vere nysgjerrige på kvarandres fagkompetanse.
Kontaktinformasjon
Live Lid Breiland, Seksjonsleder, 91740886, live.lid.breiland@telemarkfylke.no
Arbeidssted
Vinjevegen 212
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune
Referansenr.: 5050693692
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 01.10.2026
Søknadsfrist: 05.01.2026