Vil du vere med å skape trygge og gode skulekvardagar?

  • Heltid
  • BREMNES, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 26. april 2025

Svortland skule har ledig vikariat som miljørettleiar for eit år med oppstart 1. august 2025. Me ser etter deg med høgskuleutdanning til å styrke det miljøretta arbeidet ved skulen.

Svortland skule er Bømlo sin største barneskule med 326 elevar og 57 tilsette.  Skulen har elevar frå mange ulike land, og ca. 30% av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn. Skulen har innføringstilbod for nyankomne minoritetsspråklege elevar.

Skulen ligg i kommunesenteret Svortland, med Svortlandsmarka som næraste nabo. Like ved ligg også Sentralidrettsanlegget, to barnehagar, Bremnes ungdomsskule og Bømlo vidaregåande skule.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøretta arbeid for og med barn og unge med særskilde behov.
  • Oppfølging av barn, og samarbeid med andre instansar for å sikre eit heilskapleg tilbod.
  • Saman med barn og andre tilsette lage gode dagar med aktivitet og rutinar.
  • Delta i rettleiing frå samarbeidande teneste.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning.
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan miljøarbeid.
  • Erfaring med åtferds- og samspelvanskar er ein fordel. 

Personlege eigenskapar

  • Du er glad i barn og oppteken av å forstå åtferda deira.
  • Du er ein god relasjonsbyggjar og er trygg og forutsigbar når du blir utfordra.
  • Du er påliteleg og ansvarsfull.
  • Du er sjølvstendig, men samarbeidar òg godt med andre.
  • Du er fleksibel og løysningsorientert.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
     

Andre opplysingar:

  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Kari Østensen.

Kontaktinformasjon

Kari Østensen, 993 86 606

Arbeidsstad

Idrettsvegen 100
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 4951087672
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 27.04.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted