Sogndal kommune Trudvang skule
Trudvang skule søkjer teamkoordinator for 4. og 5. trinn
Frå 1. august 2025 har me ledig ei fast stilling for deg som har eit varmt hjarte for både fag og folk – og som vil vere med å forme framtida for både elevar og kollegaer.
Kven er du?
Vi tenkjer at du er lærar med solid erfaring, og at du kjenner deg heime i leiarrolla. Du trivst når du får vere tett på kvardagen i klasseromma, men har òg oversikt, retning og tryggleik i det du gjer.
Du er god på å bygge relasjonar, og du får folk med deg. Du ønskjer å bidra til utvikling, trivsel og kvalitet – og du veit at det skjer best når me speler kvarandre gode og eig arbeidet i lag.
Kvifor skal du søke?
Her får du vere med og leie 4. og 5. trinn ved ein stor barneskule med over 400 elevar – og med planar om å vekse til over 600 når nye Trudvang opnar.
Du får personalansvar, fagleg ansvar og ein reell påverknad på utviklinga av skulen. Og du får gjere det i lag med eit leiarteam som jobbar tett og støttande der me både utfordrar kvarandre og ler i lag.
Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere:
- Følgje opp klassane på 4. og 5. trinn
- Personalansvar for tilsette på trinna – med fokus på nærvær og arbeidsmiljø
- Leie pedagogisk utviklingsarbeid og byggje profesjonsfellesskap
- Vere ein synleg og tydeleg leiar i kvardagen
- Delta i felles utviklingsarbeid og drift av heile skulen
- Eventuelt ha noko undervisning
Slik jobbar me på Trudvang
Me er eit team på ordentleg. Me har faste møtepunkt, klare roller og delt ansvar. Me legg planar i lag og har som prinsipp at me stiller opp for kvarandre når det trengst. Det er ikkje rom for soloshow, men mykje rom for godt samarbeid og fellesskap.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Utdanna pedagog
- Rettleiingskompetanse og erfaring frå grunnskulen
- God digital kompetanse og evne til å omsette teori til praksis
- Strukturert, tydeleg og relasjonssterk
- Evne til å skape engasjement og motivasjon
Me tilbyr deg:
- Eit inkluderande og fagleg sterkt kollegium
- Eit leiarteam som støttar og utviklar kvarandre
- Opplæring og støtte i kommunen sine system
- God pensjonsordning og arbeidsvilkår
- Ein moglegheit til å sette preg på ein skule i utvikling – både fysisk og fagleg
Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med rektor Bjarte Ramstad på tlf. 95 00 53 33.
Søknadsfrist: 15. juni 2025.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles.
Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her