Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
På Nore Neset barneskule har vi ledig stillingar som fagarbeidar.
Ein 100% fast stilling og
ein 50% fast stilling mest SFO
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er Trygge og gode skulemiljø og lesing som grunnleggjande ferdigheit på alle trinn LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).
Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2025-26 vil skulen ha om lag 300 elevar. «Saman om læring» summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no
Arbeidsoppgåver
Som fagarbeidar på Nore Neset barneskule skal du være til støtte i undervisninga for enkeltelevar og elevgrupper. Du skal samarbeide tett med dei andre tilsette på skulen, og bidra til å skape ein vi -kultur rundt arbeidet med elevane og dei føresette. Stillingane blir både i skulen og på SFO, inkludert ferieopen SFO.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant utdanning.
Er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søkje.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Den vi søkjer møter alle barn med respekt og varme, og er ein trygg og raus person i møte med elevar. Vi søkjer deg som er leiken og robust.
Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver.I skulen er læringa viktig, og i møte med elevane skal vi motivere til læring, både i tradisjonelle og meir alternative opplæringsarenaer. Inkludering er viktig på Nore Neset barneskule, og alle barna skal høyre til i fellesskapet.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Søkarane vil bli vurderte i høve til kvalifikasjon, personlege eigenskapar og skulen sine behov.
Vi tilbyr
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
– Løn etter gjeldande avtalar
– Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her