Vil du vera med og skapa eit inkluderande og aktivt miljø for eldre i Suldal

  • Deltid
  • SAND, NORGE
  • Det er ikke lenger mulig å sende inn søknad.

Suldal kommune Kultur

Fagarbeidar

Me søkjer deg som er drivande engasjert i å skapa trivsel for eldre, og vil vera med å driva og utvikla vårt aktivitetssenter, samt bli ein del av eit lite og godt team. Me har ledig ei 50 % fast stilling på Suldal frivilligsentral med oppstart etter avtale.

Du skal arbeida på eit godt etablert aktivitetssenteret som fungerer som eit fast sosialt treffpunkt der blant anna heimebuande pensjonistar kan nyta eit godt måltid ein dag i veka. Me tilbyr i tillegg ulike arrangement etter ønskje og innspel. Teamet skal utvikla aktivitetane i samarbeid med brukarane, lag og organisasjonar, og andre frivillige. Suldal frivilligsentral er organisert under Kultur, og me strevar etter å justera sine tilbod i takt med den demografiske og sosiale utviklinga i kommunen.

Kven søkjer me?

Me har som mål å fremja mangfald og inkludering. Difor er denne stillinga retta spesielt mot deg som er kvalifisert, men i tillegg har enten nedsett funksjonsevne eller står utanfor arbeid, utdanning eller opplæring.

Du må ha:

  • Fagbrev eller høgare utdanning innan relevante fag
  • Ein fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting, eller står utanfor arbeid, utdanning eller opplæring
  • Førarkort for bil
  • Generelt gode datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar

Me ønsker at du har minimum B1 i munnleg norsk og A2 i leseforståing, lytteforståing og skriftleg framstilling og det er ein fordel med gode kunnskapar i språk som er representerte i målgruppa, for eksempel ukrainsk/russisk og arabisk.

Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la ver å søk! Me hjelper deg med å friske opp kunnskapane.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde, og me ynskjer at du er:

  • Sosial og glad i folk
  • Kommuniserer lett med brukarar og kollegaar
  • Kan jobba sjølvstendig men også samarbeida godt med andre
  • Har fleksibel innstilling til arbeidsoppgåver
  • Har engasjement for faget og brukargruppa
  • Empatisk, positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Har gode praktiske eigenskapar

Kva gjer ein fagarbeidar på aktivitetssenteret?

  • Planlegga og gjennomfører aktivitetar for målgruppa. Dette er blant anna Tysdagstreff og Seniorbading i Suldal Bad. Tidlegare har me hatt seniordans og musikkveldar, enkel dataopplæring og andre arrangement.
  • Bidra aktivt i utviklinga av aktivitetstilbod for heimebuande eldre, og bidra inn mot andre målgrupper gjennom Frivilligsentralen.
  • Skapar tryggleik, trivsel og eit inkluderande sosialt fellesskap.
  • Samarbeida tett saman med frivillige lag og organisasjonar.
  • Utfører andre oppgåver i tråd med kommunen sine behov

Hos oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her