Allmennpoliklinikk Stord DPS/BUP
Som funksjonsleiar er du med på å sikre barn og unge den helsehjelpa dei treng, når dei treng det.
Allmennpoliklinikken for barn og unge (BUP) gir spesialisthelsetenestar til barn og unge (0-18 år) i eit sterkt tverrfagleg miljø med høg spesialistkompetanse.
Med fag- og personalansvar er du avgjerande for kvaliteten i pasientbehandlinga, samhandlinga med primærhelsetenesta og utviklinga av tilbodet vårt. Som funksjonsleiar leier du eit engasjert team av fagfolk, inkludert lege, pedagog, psykolog, sosionom og sjukepleiar, og jobbar tett med andre leiarar i avdelinga.
Rolla krev ei strukturert og involverande leiarform, evne til å sjå heilskap og god systemforståing. Du trivst med samarbeid, både internt og eksternt, og inspirerer andre til å jobbe mot felles mål. Vi tilbyr ei nøkkelrolle i ei avdeling som legg vekt på utvikling, samhald og gode arbeidsvilkår.
Vårt opptaksområde dekkjer seks kommunar i vakre Sunnhordland, med eit miljø prega av nærleik, lokalkunnskap og felles ambisjonar om å gjere ein forskjell.
Kva går jobben ut på?
- Fag- og personalansvar for allmennpsykiatrisk poliklinikk.
- Sikre god kvalitet i pasientbehandlinga.
- Pasientoppfølging både poliklinisk og ambulant.
- Sikre hensiktsmessig samhandling med primærhelsetenesta i opptaksområdet og andre einingar i klinikken.
- Stimulere til opplæring og utdanning.
- Sikre god koordinering av dagleg drift.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsefagleg, sosialfagleg utdanning med vidareutdanning (psykisk helse) eller høgare helsefagleg profesjonsutdanning innan psykologi eller medisin.
- Erfaring og god klinisk kunnskap om psykisk helsevern.
- Relevant leiarerfaring.
- Erfaring fra systemarbeid og endringsprosessar er ønskeleg.
Kva ser vi etter hos deg?
- Har evne til å planlegge og organisere arbeidet ditt på en strukturert og effektiv måte.
- Er ein involverande og samlande leiar som byggjer team og fremjar samhald.
- Har evne til å sjå heilskap og ein sterk systemforståing, med fokus på samanheng i tenestene.
- Likar å samarbeide tett med tilsetje og leiargruppa for å oppnå felles mål.
- Har gode ferdigheiter i kommunikasjon, både munnleg og skriftleg, til dømes i samhandling med eksterne partar, i klagesaker og liknande situasjonar.
- Er komfortabel med komplekse utfordringar og finne løysingar som krev gjennomføringsevne.
- Er motivert av å utvikle både team og tenester som gir varige resultat for barn og unge.
Kvifor skal du velje oss?
- Fagleg og personleg utvikling.
- Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
- Arbeid i tverrfagleg team.
- Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
- Stillinga er dagstilling, 37,5 timars veke.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi dette til kjenne i søknaden.
Kontaktinformasjon
Katrine Holgersen , Avdelingsleiar, +47 90766635, katrine.holgersen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5047119685
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.12.2025