Vil du jobbe med mammografi, røntgen og kvinnehelse?

  • Heltid
  • FØRDE, NORGE
  • Publisert: 7 dager siden
  • 14. juni 2025

Radiologisk seksjon Førde, Helse Førde

Vil du vere del av ei radiologisk avdeling der alle kjenner alle? Ønsker du variasjon i arbeidsdagen ved å jobbe innan mammografi, røntgen og kvinnehelse?
Få ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i Helse Førde samtidig som du bur midt i livets leikeplass: Vestlandet!

Vi har ledig radiografstilling ved Førde sentralsjukehus:

  • 100% fast stilling dagtid

Stillinga inneheld radiograffagleg arbeid innan mammografi (ca. 60%) og røntgen (ca. 40%), dagtid kvardagar (37,5 t/veke). Dato for første arbeidsdag er fleksibel og kan avtalast.

Trivsel og kvalitet
Ved Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus er vi opptatt av at du skal trivast saman med kollegaene dine, samtidig som du opplever fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og at pasienten kjenner seg ivaretatt.

Kven ser vi etter?
God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og trivst med å jobbe innan generell røntgen, mammografi og kvinnehelse. Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf.

Kva kan vi tilby?

  • Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Ikkje bli overraska om vaffellukta brer seg på personalrommet.
  • Her er ingen spørsmål dumme, og det er låg terskel for å be ein kollega om råd eller støtte.
  • Sidan du rullerar mellom to fagområde, vil du få ein variert arbeidskvardag og erfaring.
  • Om du ønsker å ta steget vidare, kan vi tilby både kurs, vidareutdanning og masterløp.

Her får du 10 gode grunnar til å jobbe med oss!

Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.

Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (GE Seneographe Prestina klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, (+47) 578 39 616

Arbeidsstad

Svanahuagvegen 7
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4963423334
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted