Vil du jobbe i det største integrasjonsmiljøet på Vestlandet?

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 9. august 2025

Integrasjon, Helse Vest IKT

Vil du bidra til at helsevesenet blir enklare for pasientar, legar og sjukepleiarar gjennom digitalisering? Er du nyutdanna og klar for di første utfordring, eller har du hatt eit par år i arbeidslivet – då er det deg vi vil høyre frå. 

Hos oss får du jobbe i eit stort, tverrfagleg miljø med eit inspirerande samfunnsoppdrag. Fokuset ditt vil vere på integrasjonar og integrasjonsarkitektur, og behovet for samhandling mellom ulike system. Du vil få ein kvardag med mange utfordingar, mykje læring og rom for fagleg og personleg utvikling i stillinga som integrasjonsarkitekt. 

Helse Vest IKT har etablert eit integrasjonssenter med eit samla ansvar for koordinering, leveranse og forvaltning av integrasjonsløysingane, og er med sine 41 kunnskapsrike medarbeidarar eit viktig og etterspurt kompetansesenter i helsesektoren.
Helse Vest har eit av dei mest komplekse systemlandskapa på Vestlandet. Datasystem i helsevesenet har dei siste åra blitt heilt sentrale i pasientbehandlinga, og behovet for utveksling av data mellom systema er stort. Tilgang til kritiske helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare.

Om stillinga

Du vil inngå i eit team med 16 arkitektar og utviklarar. Saman vil de ha direkte innverknad på korleis lokale, regionale og nasjonale løysingar blir realiserte. Som integrasjonsarkitekt skal du sørgje for at løysingane har god kvalitet. Samstundes skal dei tole den raske teknologiutviklinga og ivareta ein heilskapleg arkitektur. Du vil ha ei brei kontaktflate med mange interessentar, til dømes leiarar og helsepersonell, arkitektar, systemforvaltarar og teknisk personell hos leverandørar. 

Kva gjer en integrasjonsarkitekt?

Som integrasjonsarkitekt omset du behov for samhandling mellom system til saumlause integrasjonsløysningar. 

  • Skaffar innsikt og analyserer behov i tett dialog med brukarar, løysingsarkitektar og andre interessentar, ofte med støtte i UML, BPMN eller Archimate modellar.
  • Sørgjer for at alle partar har felles forståing av kva behovet er og korleis det kan løysast.
  • Vurderer arkitektur (passe inn i eksistande arkitektur). 
  • Velgjer standarder og integrasjonsmønster, til dømes synkron HL7 FHIR integrasjon.
  • Stiller krav til systemleverandører og utviklere.

Kven er du?

  • Har utdanning på bachelor- eller masternivå, fortrinnsvis teknisk.
  • Nysgjerrig på ny teknologi og tileignar deg raskt ny kunnskap.
  • Er lyttande, analytisk og strukturert.
  • Er ein lagspelar og god til å byggje relasjonar.
  • Formulerer deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg. 

Hos oss får du

  • Vere del av arkitekturarbeid og prosjektarbeid i ein stor organisasjon 
  • Varierte og utfordrande arbeidsdagar. Du får jobbe med både store og små oppdrag.
  • Eit skikkeleg bra arbeidsmiljø. Vi spelar kvarandre gode og har det gøy saman på jobb.
  • Ein arbeidsgjevar som forstår at livet er meir enn jobb, og vektlegg ein god balanse mellom jobb og privatliv.
  • Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
  • Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
  • Løn etter avtale.
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.

Høyrest dette ut som noko for deg? Søk slik at me kan snakkast! 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingvei Seliussen , Teamleiar Arkitektur og utvikling, 95441801
Steinar Aslaksen Hamre, Seksjonsleiar, +47 91356369

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4976287790
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted