Vil du ha heile Nordfjord som arbeidsplass? Vi søker innhaldsprodusent

  • Heltid
  • STRYN, NORGE
  • 16. desember 2026

Visit Nordfjord søker ein innhaldsprodusent i 100 % stilling, med oppstart tidleg i 2027. Innhaldsprodusenten skal produsere foto og film som viser fram Nordfjord – frå bre til hav, gjennom alle årstider.

Hva vi ser etter

Vi ser etter deg som:

  • Har erfaring med foto, film og redigering — som tilsett, frilansar eller gjennom eigne prosjekt

  • Tar heile løpet sjølv: Frå idé og planlegging til ferdig innhald

  • Kjenner sosiale medium og veit kva som fungerer i dei ulike kanalane

  • Er sjølvstendig og strukturert, og likar å jobbe for fleire oppdragsgivarar

  • Likar å vere aktiv i naturen og trivst ute i all slags vêr og til alle årstider

  • Uttrykker deg godt på norsk og engelsk

  • Har førarkort klasse B og disponerer bil

Det er ein fordel om du kjenner Nordfjord og har dronebevis, men det er ikkje eit krav. Dronebevis kan vi ordne dersom du ikkje har det frå før. Erfaring og portefølje tel meir enn formell utdanning.

Arbeidsoppgaver

Som innhaldsprodusent i Visit Nordfjord viser du fram Nordfjord i foto og film – frå bre til hav, heile året.

Du planlegg, fotograferer, filmar og redigerer, og du bruker både kamera og drone. Innhaldet blir brukt på nordfjord.no, i sosiale medium, i kampanjar og overfor presse og bransje.

Du jobbar tett på reiselivet. I faste veker er du ute hos reiselivsbedrifter vi samarbeider med, og lagar innhald for dei. Saman legg vi ein plan for året.

Når det skjer noko — for eksempel nysnø, nordlys eller eit arrangement — rykker du ut.

Arbeidstida er vanleg dagtid. Kveld og helg kan forekomme når ein leveranse eller eit oppdrag krev det.

Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • 100 % stilling i Visit Nordfjord, med kontor i Stryn

  • Ein variert kvardag med fleire oppdragsgivarar og heile Nordfjord som arbeidsplass

  • Utstyret du treng: kamera, drone, datamaskin og telefon

  • Stor fridom til å forme innhaldet, i eit lite team

  • Lønn etter avtale og pensjonsordning

Jobbsted
AI-jobbmatch
Logg inn for å sjekke jobbmatch For å bruke AI-jobbmatch må du logge inn med jobbsøkerkontoen din eller opprette en ny jobbsøkerprofil. Deretter kan du sammenligne CV-en din med denne stillingen og få en personlig jobbmatchvurdering.