Vil du bli vår nye sjukepleiar?

Kirurgisk post Haugesund sjukehus

Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i 100 % tredelt turnus på Kirurgisk post. 

Sengeposten har 8 senger og består av  fleire fagfelt: kar og thorax kirurgi, brystkreft og andre brystoperasjonar, thyroidea,  føflekkreft,  brannskadar og andre generelle kirurgiske operasjonar. Vi har òg gynekologiske pasientar i helg og høgtidar, samt ferie. Avdelinga har mange dagkirurgiske pasientar og vi har nær tilknytning til poliklinikkane. 20 % av stillingen vil være tilknyttet kar/thorax poliklinikk. 

Høyrest dette spennande ut? Då er du hjarteleg velkomen til å søkja stilling hos oss! 

Kva går jobben ut på?

  • Samarbeid med dei andre tilsette på sengeposten, samt samarbeid med legane
  • Vi har stille rapport og delt gruppe slik at du vil ha ansvar for pasientane dine

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert sjukepleiar
  • Kjennskap til elektroniske pasientjournalsystem som Dips og Meona
  • Det er ønskeleg med sårstell erfaring, men ikkje eit krav
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Personlege eigenskapar blir vektlagd

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • er ryddig og strukturert
  • trivst i eit aktivt og travelt miljø
  • er sjølvstendig og har evne til å prioritere oppgåver
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • likar nye utfordringar 

Kvifor skal du velje oss?

  • Opplæring med sjukepleiar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein spennande arbeidsplass i utvikling

Kontaktinformasjon

Anne Ringe, Avdelingsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4986185562
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.07.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted