Forsyningsenhet, Haugesund sjukehus
Blir du vår nye portør på Haugesund sjukehus?
Portørtenesta ved Haugesund sjukehus oppbemanner og me ønsker nye kollegaer i vårt team. Hovudoppgåva vår er å støtta avdelingane på sjukehuset med ulike servicetenester. Grunna viktig og spennande framtidsretta prosjekt, skal me auke bemanninga vår med 5 nye stillingar.
Brenner du for service og logistikk, og ønskjer ein meiningsfull jobb i helsesektoren? Då må du søke på stilling hos oss!
Me søker også etter deg som kan tenke deg å være tilkallingsvikar hos oss. Oppgi i din søknad om du er interessert i fast stilling, tilkallingsvikar eller begge deler.
Me ser fram til å motta din søknad.
🔗 Les gjerne denne artikkelen i Haugesunds Avis om livet som portør!
Kva går jobben ut på?
- Pasienttransport og transportoppgaver
- Vere med på beredskap og bistå i akutte situasjoner
- Serviceoppgåver
- Avfallshandtering
- Mange andre varierte arbeidsoppgåver i portøryrket
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ønskelig med relevant fagbrev (eksempelvis Helse/sosialfag, servicefag vekterfaget eller logistikkfag).
- Har du ikkje fagbrev, er det derimot flott om du er engasjert til å ta fagbrev hos oss
- Erfaring frå serviceverksemd.
- Førarkort kl. B (inkludert manuelt gir).
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
- Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- Er samarbeidsvillig og glad i å hjelpe kollegaer og pasienter
- Er punktleg og påliteleg, og kommuniserer på ein tydeleg og respektfull måte
- Ydmyk i møte med andre, og evner å arbeide både i team og sjølvstendig
- Er ærleg, open og ivrer etter å ivareta dei rundt deg
- Er i god form til fysisk arbeid
- Tar ansvar for oppgåvene dine på ein ryddig måte
- Bidrar til arbeidsmiljøet ved å engasjere deg og komme med konstruktive tilbakemeldingar
Det er viktig for oss at du opptrer lojalt overfor kollegaene dine og din leder. Personlege eigenskapar blir vektlagt
Kvifor skal du velje oss?
- Meiningsfull jobb i ein spennande og stor organisasjon
- Mulighet for fagleg utvikling, t.d. fagbrev og andre kurs
- Eit miljø med fokus på helse, miljø og sikkerheit
- Du får ein aktiv kvardag der arbeidsoppgavene dine sørger for at du holdes i god fysisk form.
- Eit kollegamiljø med lav terskel for å tilbakemelde stort og smått
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og fritidsulykkeforsikring.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Kontaktinformasjon
Natalia Soto, Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk, +47 40613860
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5022881954
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2026
Søknadsfrist: 15.10.2025