Vil du bli vår nye portør?

  • Heltid
  • HAUGESUND, NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 23. august 2025

Service og logistikk avdeling, Helse Fonna HF

Blir du vår nye portør på Haugesund sjukehus?

Portørtenesta ved Haugesund sjukehus har behov for ein ny medarbeidar. Hovudoppgåva vår er å støtta avdelingane på sjukehuset med ulike servicetenester. No ser vi etter ein ny kollega til laget vårt.

Brenner du for service og logistikk, og ønskjer du å bidra i eit godt arbeidsmiljø saman med 10 andre kollegaer? Då ser vi fram til å bli kjende med deg og kompetansen din. Stillinga er på 35,5 timar per veke, med arbeid kvar tredje helg. Heilkontinuerleg turnus med dag-, ettermiddags- og nattevakter.

Vi søker også etter deg som kan tenke deg å være tilkallingsvikar hos oss. Oppgi i din søknad om du er interessert i fast stilling, tilkallingsvikar eller begge deler

Vi ser fram til å motta din søknad.

🔗 Les gjerne denne artikkelen i Haugesunds Avis om livet som portør!

Kva går jobben ut på?

  • Serviceoppgåver
  • Transportoppgåver
  • Avfallshandtering
  • Mange varierte arbeidsoppgåver.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Ønskelig med relevant fagbrev (eksempelvis Helse/sosialfag, servicefag vekterfaget eller logistikkfag).
  • Erfaring frå serviceverksemd.
  • Førarkort kl. B  (inkludert manuell gear).
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg.
  • Erfaring med bruk av IKT som styringsverktøy i arbeidet.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er punktleg og påliteleg, og kommuniserer på ein tydeleg måte
  • har evne til å arbeide sjølvstendig og ta avgjersler
  • er i god form til fysisk arbeid
  • tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, og tilbyr gjerne hjelp
  • har evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold

Personlege eigenskapar blir vektlagt

Kvifor skal du velje oss?

  • Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og fritidsulykkeforsikring.
  • Triveleg arbeidsmiljø.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.

Kontaktinformasjon

Geir-Inge Severinsen, Funksjonsleder, geir-inge.severinsen@helse-fonna.no
Jens Ove Hovda, Avdelingsleiar, jens.ove.hovda@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4997190342
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted