Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef/maskinpassar i sambandet Askvoll-Gjervik-Fure, p.t MF Davik.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med utfordrande/spanande oppgaver.
- Fleksibel skiftordning: Døgnskift med 2 veker på – 3 veker av/2 veker på – 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Du vil få arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Sambandet har tilgang på hybel!
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M4-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og DNMF
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Tilgang på hybel
- Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på – 1 veke av, 2 veker på – 3 veker av
Kontaktinformasjon
Thea Eliassen, Rekrutteringsmedarbeidar, thea.eliassen@fjord1.no
Sigrunn Hellebust, Bemanningskoordinator, sigrunn.hellebust@fjord1.no
Arbeidsstad
6980 Askvoll
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4993383476
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.07.2025