Vil du bli vår nye maskinsjef?

  • Heltid
  • LEVANGER, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 13. august 2025

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Levanger-Hokstad, f.t. MF Harøy.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid.
  • Fleksibel skiftordning: 5-skifstløsning, 12:12 – 1 veke på, og 1 veke av/1 veke på, og 2 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige og løysningsorienterte medarbeidarar. 
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.

Fjord1 disponerar leiligheit i nærleik til sambandet som gjer overnattingsmoglegheit i arbeidsperioden.
Ta kontakt for meir informasjon dersom du er interessert!

Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar, og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
  • Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
  • Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM-koden
  • Sørge for opplæring av personell under si leiing
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
  • Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3 sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

Vi leter etter en dyktig og erfaren maskinsjef som kan sikre driftssikkerhet, vedlikehold og effektivitet om bord. Personen må ha gode lederegenskaper, teknisk innsikt og evne til å arbeide i et teammiljø.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det norske Maskinistforbund
  • Skiftordning: 5-skiftsløsning 12:12, 1 veke på, og 1 veke av/1 veke på, og 2 veker av
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Lise-Beathe Naas, Bemanningskoordinator, lise-beathe.naas@fjord1.no

Arbeidsstad

7600 Levanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4997906429
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted