Vil du bidra til gode kundeopplevingar for reiseglade?

Fotefar Temareiser AS

Medarbeidar – kundeservice

Fotefar temareiser veks og er difor på utkikk etter ein ny servicemedarbeidar til kontoret vårt på Leikanger i Sogndal kommune. Dette er ei spennande og variert stilling der du får ulike kunderelaterte oppgåver på telefon og e-post.

Vi ser etter deg som trivst med ein variert og hektisk kvardag, og som kan ha mange ballar i lufta samstundes som du jobbar strukturert.

Personlege eigenskapar:

  • Er strukturert og nøyaktig

  • Likar ein arbeidskvardag med høgt tempo, og kan sjonglere fleire arbeidsoppgåver på ein gong

  • Trivst med kundekontakt på telefon og e-post, og likar å jobbe med menneske

  • Er kreativ, lærevillig, sjølvstendig og har ei positiv haldning

  • Tek utfordringar på strak arm

  • Samarbeider lett med andre

  • Har god skriftleg formuleringsevne på nynorsk og engelsk

  • Har god munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk, og gjerne fleire språk

Arbeidsoppgåver:

  • Oppgåver i booking- og betalingssystem

  • Kundekontakt på telefon og e-post

  • Diverse rutineoppgåver

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit lite, men aktivt, arbeidsmiljø og ein spennande bransje som endrar seg raskt

  • Lønsvilkår etter avtale

  • Fleksitid

Tilsetjing snarast råd. Send søknaden innan 11. august 2025 på e-post til post@fotefartemareiser.no. Alle søkarar blir kontakta etter søknadsfristen.

Jobbsted