Vikariat sykepleier

  • Deltid
  • BYGLAND, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 3. mai 2025

Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike fagområde som sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg) habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus, samt institusjonskjøkken. Tenesta har eit leiarteam beståande av kommunalsjef for helse og omsorg, ein rådgjevar og tre avdelingsleiarar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.Bygland er i utvikling og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing. Vi ønskjer å fokusere på kombinasjonen "varme hender" og velferdsteknologi slik at folk skal kunne bu der dei har lyst, lengst mogleg. Kommunen er ein del av innovasjonspartnerskapet i Agder som utvikler tenester der målet er at brukarar skal oppleve tryggleik og saumlause tenester i eigen heim og på institusjon.

Me treng dykk som er sjukepleiar eller vernepleiar og som framleis er svolten på nye utfordringar. Har du stor arbeidskapasitet og trivst med travle arbeidsdagar? Det er viktig at du er flink med folk og har evne til å rettleia, setja grenser og gjera kollegane dine gode. Fordi me er opptekne av å stadig forbetra og utvikla
tenesta, må du vera positiv til endringar.

Vi har no ledig eit 80 % vikariat som sjukepleiar eller vernepleiar, som er i pleie- og omsorgseininga i Bygland kommune, og er lokalisert på Byglandsheimen.

Tredelt turnus med arbeid hver 3. helg. 

  • Tiltredelse er snarest og varigheit til 04.01.26. 
  • Turnus er tredelt med noen 12,5 timers vakter innimellom. 

Me tilbyr

  • Tarifflønn og eit rekrutteringstilskot tilsvarande full ansiennitet.
  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Meiningsfylte oppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
  • Medlemskap i KLP.
  • Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.

Vi gjer merksam på at interne søkjarar kan ha fortrinnsrett på stillinga eller deler av stillinga.

Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4, ikkje eldre enn 3 månedar.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå
offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).

 

Arbeidsoppgaver

  • Sjukepleiarfagleg ansvar.
  • Inneha funksjon som skiftleiar på skift.
  • Sikre dokumentasjon i henhold til lovverket
  • Vere primærkontakt for brukarar.
  • Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak.
  • Bidra med kompetansehevande kollegaretleiing, undervising og rettleiing av anna personale, brukarar,
  • pårørande og evt andre som har behov for det.

Kvalifikasjoner

  • Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar med norsk autorisasjon. HPR-nr. registreres i CV.
  • Tilfredsstillande norsk-kunnskapar.
  • Førarkort klasse B.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå kommunehelsetenesta.
  • God kjennskap til bruk av IKT.
  • God til å formidle både skriftleg og munnleg på norsk.

Personlige egenskaper

  • Gode samarbeidsevner – er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
  • Evne til å opptre sjølvstendig og er initiativrik, fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
  • Er utviklingsorientert, analytisk, ryddig, resultatorientert og kvalitetsbevisst.
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Kontaktinformasjon

Sofie Oliegreen, Avdelingsleder Byglandsheimen, +47 480 93 588, sofie.oliegreen@bygland.kommune.no

Arbeidssted

4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 4951672503
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Sluttdato: 04.01.2026
Søknadsfrist: 04.05.2025