Vikariat som fagarbeidar/miljørettleiar på Lidar skule

Lidar skule, Øystre Slidre kommune

Lidar barneskule har 99 elevar skuleåret 25/26. Det er 7 klasser i tillegg til ei basisgruppe for individuell tilrettelagt opplæring.
Frå hausten organiserer vi oss slik at vi har to lærarar per trinn i basisfaga. Det er oppretta eit team som arbeider særskild med spesialpedagogisk oppfølging. I teamet er det mellom anna kompetanse frå barnevernspedagog, vernepleiar og andre faggrupper.

Lidar skule har ledig to vikariat som fagarbeidar/miljørettleiar: 

  • 50% vikariat frå no og ut skuleåret
  • 30% vikariat frå no til 31.12.2025, med moglegheit for forlenging 

Vikariatane kan kombinerast til eit 80% vikariat fram til 31.12.2025, med moglegheit for forlenging.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt
  • Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette
  • Arbeid på SFO er ein del av stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer deg som er barnevernspedagog, vernepleiar, sosialpedagog, pedagog, spesialpedagog, eller har annan relevant universitets-/høgskuleutdanning
  • Vi søkjer deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Du har ynskje om og vilje til å sjå eleven innanfrå
  • Du har kunnskap om oppdragelse, undervsining, leik, læring og utvikling
  • Du veit mykje om korleis læring foregår og kva du treng å ta omsyn til for at barn og unge skal lære best mogleg
  • Du kan observere, systematisere og fortolke sosialt samspel og læring til å vidare kunne setje inn eigna tiltak for eleven eller elevgruppa
  • Det er ynskjeleg at du har kjennskap til tilknytningspsykologi og COS
  • Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane
  • Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar 
  • Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane
  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt  vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidskvardag i eit arbeidsmiljø prega av godt samhald og profesjonalitet  
  • Moglegheit til å bruke naturen og uteområdet i undervisning
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen

Kontaktinformasjon

Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, +47 99690813

Arbeidsstad

Bygdinvegen 3114
2950 Skammestein

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5020423349
Stillingsprosent: 50, 30%
Vikar
Søknadsfrist: 16.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted