Vikariat Miljøarbeidare

  • Heltid
  • RÅDAL, NORGE
  • 3. januar 2026

Stend Vgs 

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. Desse stillingane vil i all hovudsak ha arbeidsoppgåvene sine knytte til individuelle elevar og kvardagslivstrening.

Skulen har ledig to vikariat som miljøarbeidare. 
Eit vikariat i perioden 5.1.2026 – 18.09.2026 og eit i perioden 28.2.2026 – 28.2.2027

 

Arbeidsoppgåver

  • Støtte elevane si læring og trivsel ved å bidra aktivt til den faglege og sosiale utviklinga deira gjennom heile skuledagen
  • Arbeide systematisk for å hjelpe elevane med å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å meistre eit mest mogleg sjølvstendig liv som vaksne
  • Gjennomføre aktivitetar og læringsøkter i tråd med pedagogiske planar
  • Samarbeide tett med lærarar, miljøarbeidarar og leiar for å nå pedagogiske mål 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer etter personar med relevant miljøfagleg utdanning, minimum fagbrev og kompetanse retta mot ungdom med lære- og åtferdsvanskar.
  • Personane må ha interesse for, og høg motivasjon for å drive miljøarbeid med elevar med samansette vanskar, utviklingshemming og utagerande åtferd.
  • Det er også ønskjeleg med kunnskapar og praktiske ferdigheiter innan naturbruk.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter utåtvende og samarbeidsvillige personar som kan jobbe i team, og utføre sjølvstendig arbeid i tråd med pedagogiske planar.
  • Vi ønskjer personar som har kompetanse og erfaring frå arbeid med ungdom, og som er gode til å byggje relasjonar til elevane, men samstundes kan stå i vanskelege situasjonar over tid.
  •  Å vere personleg eigna er særs viktig i dei utlyste stillingane.

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Frode Skudal, avdelingsleiar, +4795968765

Arbeidsstad

Fanavegen
5239 Rådal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5055089857
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 04.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted