Langevåg skule, Sula kommune
Langevåg skule søker lærarvikar for resten av skuleåret 25/26.
Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde med både fjell, vatn og turstiar.
Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i grunnleggande norsk og klassar (Primært på 1. trinn)
- Delta og forplikte deg i pedagogisk utviklingsarbeid i vårt profesjonsfellesskap, på trinn og i kollegiet generelt.
- Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet for dine grupper og elevar saman med kollegaer.
- Heim/skule-samarbeid og eksternt samarbeid.
Kvalifikasjonar
Godkjend pedagogisk utdanning for 1.-5. trinn
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein kollega som:
- viser engasjement, har stor arbeidskapasitet og godt humør.
- likar å samarbeide, dele og reflektere i eit læringsfellesskap.
- legg innsats i og ser verdien av eit godt heim-skule-samarbeid.
- er oppteken av eit trygt og godt skulemiljø.
- er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.
- er oppteken av elevane si faglege og sosiale læring og utvikling
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap.
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Lønn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Ole Martin Tonheim, Rektor
Harald Weibust, Undervisningsinspektør
Arbeidsstad
Bratthaugmyra 39
6030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5050168311
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 19.12.2025