Vikariat

  • Heltid
  • GRANVIN, NORGE
  • 8. desember 2026

Voss herad Granvin barne- og ungdomsskule

Granvin barne- og ungdomsskule har ledig eit vikariat som barne- og ungdomsarbeider. Det er gode moglegheiter for forlenging av vikariat inntil 1 år. Du vil få arbeida med enkeltelevar med ulike føresetnader og utfordringr i klassar og på SFO. Stillinga føl vanleg arbeidsår med utvida SFO/tilsynsordning. Granvin barne- og ungdomsskule har 125 elevar og ligg i Granvin sentrum, 20 minutt med bil frå Vossevangen. Her har me eit godt skulemiljø og gode tilhøve for uteaktivitetar både ved og på sjøen, i skog og fjell. N

Arbeidsoppgåver:

  • Du vil arbeida tett med elevar og klassar i lang med kontaktlærar og andre som til saman utgjer laget kring borna og vera ein ressurs for elevane i undervisninga ute og inne.  
  • Du må kunne ha sjølvstendig ansvar for elev med store hjelpebehov. Dette inneber stell, pleie og omsorg. 
  • Granvin barne- og ungdomsskule jobbar kontinuerleg med klasseleiing og skulemiljjø og skulen er ein god plass å vera for elevar og tilsette. Alle tilsette spelar ei viktig rolle i miljøarbeidet mellom elevane og i arbeidsmiljøet elles. Eit positivt elevsyn, ynskje om å bidra stabilt og positivt til arbeidsmiljøet for alle og å vera løysingsorietert er viktige eigenskapar å ha i arbeidet. 
  • Aktiv undervisning ute og inne er satsingsområdet vårt. Å vera ute i all salgs vêr året rundt og trivast med mykje fysisk aktivitet er ein føresetnad for å kunne fungera i stillinga.

Kvalifiksasjonar:

  • Fagutdanning som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar. 
  • Personar som manglar fagutdanning kan vurderast dersom du kan visa til god realkompetanse som passar til stillinga.
  • Flytande munnlege norskkunnskapar er avgjerande for arbeidet med elevane. 

 Personlege eigenskapar:

  • Du tek ansvar, er sturkturert og taklar hektiske arbeidsdagar over tid.
  • Du har fysiske eigenskapar til å kunne hjelpa både store og små elevar i skulearbeid og vera aktivt med på faste utedagar og uteleik elles. 
  • Elevsynet ditt er positivt og du trivst med eit aktivt og engasjert kollegium og er med på å ta ansvar for trivsel og arbeidsmiljø for både vaksne og born.
  • Du er nysgjerrig og likar å vera i utvikling

Søknad

Voss herad ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Menn vert oppmoda om å søkja
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted
AI-jobbmatch
Logg inn for å sjekke jobbmatch For å bruke AI-jobbmatch må du logge inn med jobbsøkerkontoen din eller opprette en ny jobbsøkerprofil. Deretter kan du sammenligne CV-en din med denne stillingen og få en personlig jobbmatchvurdering.