Kvinnherad kommune Sektor oppvekst
Omtale av stillinga
Skulane i Kvinnherad treng vikarar. Vi treng ringevikarar som kan møte på kort varsel og vi treng vikarar som kan ta på seg korte/lange vikariat. Krav til søkjar: Må ha fullført vidaregåande skule og må levere politiattest. Lever ein enkel søknad.
Arbeidsoppgåver
- Undervisa i ulike fag
- Klasseleiing
- Kan vera aktuelt å arbeida som kontaktlærar
- Pedagogisk utviklingsarbeid
- Samarbeid med foreldre/føresette og andre samarbeidspartnarar, til dømes foreldremøte og foreldresamtalar
- Bidra til å utvikla eit godt læringsmiljø
- Sikra at elevane får eit godt skuletilbod
Personlege eigenskaper
- Positiv, fleksibel og initiativrik
- Tydeleg klasseleiar
- Kunne arbeida sjølvstendig og i tett samarbeid med andre
- Oppteken av skuleutvikling
- Ha evne til å skape gode relasjonar i klasserommet og jobba systematisk med eit trygt og godt skulemiljø.
- Ha evne til å skapa eit inkluderande læringsmiljø gjennom tilpassing, tilrettelegging, variasjon og elevaktivitet
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom SPK.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her