Solheimsviken og Øygarden klinikkområder
Vestland Fylkeskommune søkjer engasjerte og tydelege leiarar til våre tannklinikkar i Solheimsviken og i Øygarden.
Klinikkane er moderne utstyrt, og har flotte lokaler med høvevis 11 og 13 behandlingsrom. Det er gode fagmiljø med
hyggjelege kolleger.
Som leiar for Solheimsviken klinikkområde vil du ha ansvar for Solheimsviken tannklinikk og Viken tannklinikk, samt drift av tannlegevakta i Bergen og narkosetenester. Klinikkområdet har til saman 34 fast tilsette. Både Solheimsviken tannklinikk og Viken tannklinikk er sentralt plassert på Danmarksplass.
Øygarden tannklinikk har 29 tilsette og er lokalisert i det lokalmedisinske senteret på Straume,
rett i nærleiken av Sartor storsenter.
Arbeidsoppgåver
- Syte for at drifta er i tråd med lover og retningslinjer, og følgjer målsetnadane til Vestland
Tannhelseteneste - Syte for at klinikkområdet gjev tilbod med høg fagleg kvalitet og god service til pasientar
- Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette med fagleg utvikling og god medverknad
- Personalleiing
- Økonomistyring
Som klinikkleiar vil du vere ein del av områdeleiar si leiargruppe, og det er forventa at du aktivt deltar i strategi- og utviklingsprosessar for tannhelseområdet.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant utdanning innan helsefag.
- utdanning eller erfaring innan leiing
- gode språkkunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg.
- ha godkjend politiattest.
Det er ønskjeleg at du har:
- utdanning frå tannhelsefagleg retning.
- kjennskap og erfaring frå offentleg tannhelseteneste.
- erfaring med endring- og omstillingsprosessar.
- leiarutdanning (manglar du dette, tilbyr vi deg videreutdanning).
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- gjennom god leiing etablerer tillit og skapar samhald
- byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur
- er utviklingsorientert
- har gode kommunikasjonsevner
- tar avgjersler og har god gjennomføringsevne
- opptrer tydeleg som arbeidsgjevar og føl opp administrative vedtak
- har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartar
Vi tilbyr
- ei spennande og variert leiarstilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- godt samarbeid i områdeleiar si leiargruppe
- løn etter avtale
- gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar
Kompetent, open og modig er verdiane til Vestland Fylkeskommune, og skal vere
grunnlag for all leiing.
Kontaktinformasjon
Agnete Norheim Kaldestad, områdeleiar tannhelse, 41644936
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298
Arbeidsstad
Blombakkane 77
5354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5044696549
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026