Vi søkjer sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning

  • Heltid
  • HAUGESUND, NORGE
  • Publisert: 16 timer siden
  • 30. august 2025

Psykosepoliklinikk Haugaland DPS, Helse Fonna HF

Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar til å jobba saman med oss i eit spennande fagmiljø i psykosepoliklinikken, for tida i ACT-team.

Teamet er implementert saman  med Haugesund kommune. Arbeidsoppgavene i ACT er varierte og krev stor fleksibilitet, ein må vere løsningsorientert og  kunne omstille seg raskt.

Psykosepoliklinikken har vore i vekst dei siste åra og vi har over lengre tid hatt fokus på å betre behandlingstilbodet. Vi kan no tilby eit breitt behandlingstilbod til pasientene våre, i tråd med nasjonale føringar. Poliklinikken følgjer både opp pasienter som er henvist med mistanke om psykoseutvikling, og pasienter som har ein vedvarande psykoseproblematikk. Poliklinikken følgjer også opp pasienter på TUD ( Tvang uten døgnopphold). 

Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering, og dessutan høgskuleutdanna med vidareutdanning. Vi gir eit breitt behandlingstilbod som famnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT, FACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) og dessutan ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.

Arbeidsoppgåver

  • Behandling av pasienter med alvorlege psykiske lidingar, med behov for
    oppfølging over lang tid. Målgruppa er primært heimebuande pasientar med
    psykoselidingar eller anna moderate/alvorlige psykiske vanskar. Fleire har
    blant anna rusliding som tilleggsproblematikk. Målet er å gi samordna og koordinerte tenester og
    støtte pasienter i deira eigen betringsprosess og hjelpa dei til å nyttiggjere
    seg dei ordinære kommunale tenestene når det er mogleg. I ACT arbeider man  etter ACT-modellen   som er beskrevet i ACT-håndboka https://rop.no/globalassets/dokumenter/act-handbok_2014.pdf.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid/rus er ønska, men personar med relevant arbeidserfaring vil bli tatt i betraktning. 
  • Erfaring frå arbeid med rus/psykisk helse. 
  • Det er ein fordel med arbeidserfaring innan psykosefeltet. 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar vil bil vektlagt. 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt med tanke på:

  • Å fungere i team, god samarbeidsevne og omstillingsevne
  • Godt humør.
  • Ha evne til å tenke kontinuitet, utvikling og like utfordringar
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Evne til å stå i krevjande situasjonar
  • Evne til ryddig og god dokumentasjon
  • Menn oppfordres til å søke.

Vi tilbyr

  • Rettleiing
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Louise Sandve, Funksjonsleiar, 99012230

Arbeidsstad

Floraveien 75
5535 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4997498371
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted