Sikkerhet og rehabilitering post Valen sjukehus
Vil du jobbe med pasientar som treng tryggleik og tett oppfølging?
Eining for sikkerheit og rehabilitering er ei spesialeining med til saman åtte døgnbehandlingsplassar for kvinner og menn. To av døgnbehandlingsplassane er for kvinner med valds- og farligheitsproblematikk, fire av plassane er tiltenkt forsterka rehabilitering for pasientar med sikkerheitsproblematikk og dei resterande plassane er tiltenkt andre pasientar med behov for forsterka rehabilitering.
Gjennom kartlegging og utgreiing blir behandlinga tilpassa den enkelte pasient og deira sjukdomsbilde, evner og ressursar. Behandlinga kan bestå av legemidlar, samtaleterapi, miljøterapi, fysisk aktivitet og livsmeistring. Eininga har fokus på brukarmedverknad.
Kva går jobben ut på?
- Miljøterapi til pasientar som treng behandling i sikkerhetspsykiatrisk døgnpost.
- Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, miljøterapeut, sosionom, helsefagarbeidar.
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring.
- Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten.
- Vere med å vurdere og lage handteringsplanar ift valdsrisiko.
- Utforme kortsiktige- og langsiktige behandlingsplanar.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- De er ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er tilpasningsdyktig og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- likar å jobbe tverrfagleg
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- etterspør rettleiing
- er lojal i forhald til avgjerdsler
Kvifor skal du velje oss?
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Tilbod om opplæring, internundervisning og rettleiing.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
Kontaktinformasjon
Espen Åkra Seberg, Funksjonsleiar, 94434942
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 26
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4954114764
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2025
Søknadsfrist: 27.04.2025