Vi søkjer deg som motiverast av å bidra til ei offensiv og berekraftig utvikling i regionen

  • Heltid
  • OTTA, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 26. oktober 2025

Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal

Som dagleg leiar vil du arbeide med interkommunale samarbeidstiltak til beste for innbyggjarane og næringslivet i regionen, gjennom å initiere politisk interessearbeid overfor fylkeskommunen og statlege nivå i distriktspolitiske spørsmål. En viktig oppgåve blir å leggje til rette for innovasjon i offentleg sektor, samt å profilere regionen som ein attraktiv arbeids- og tilflyttarregion.

Vi søkjer deg som motiverast av å bidra til ei offensiv og berekraftig utvikling i regionen gjennom å bygge gode nettverk og samarbeidsrelasjonar.

Ansvarsområder:

  • Sikre gode prosessar i regionsamarbeidet
  • Vere administrativt bindeledd mellom Innlandet fylkeskommune og kommunane/regionen
  • Saksframlegg og oppfølging av vedtak i rådet
  • Være en inkluderande og utviklingsorientert leder for dei tilsette i Regionrådet
  • Sørge for god økonomisk styring og måloppnåing
     

Ønskte kvalifikasjonar:

  • Erfaring med leiing, rettleiings- og utviklingsprosessar
  • Motiverast av å bidra til samfunnsutvikling og innovasjon
  • Rolle- og prosessforståing i samhandlinga mellom administrasjon og politikk
  • Relevant utdanning
  • God digital kompetanse og skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagt

Dagleg leiar rapporterer til politisk leiing i Regionrådet. Arbeidssted er i Regionrådet sine lokale på Otta.

Vil tilbyr
Varierte og spanande arbeidsoppgåver i nært samarbeid med administrativ og politisk leiing i samarbeidskommunane, fylkeskommunen og kompetansemiljø i offentleg og privat sektor.
Løn etter avtale og kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søknadsfrist: 26. oktober.

Nærmare informasjon om stillinga kan gjevast av regionrådsleiar Harald Sve Bjørndal, tlf. 913 55 807 /harald.sve.bjorndal@vaga.kommune.no eller Hege Svendsen hos FREMO Rekruttering, tlf. 905 87 920, e-post: hege.svendsen@fremogruppen.no

Alle førespurnader til FREMO Rekruttering blir handsama konfidensielt, òg overfor oppdragsgjevar dersom ønskjeleg, i den innleiande fasen.
 
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde sjølv om ein søkjar har bedt om å få namnet sitt unnateke frå den offentlege søkjarlista. Søkjarar som ikkje får innvilga si førespurnad om å bli unnateke offentlegheit, vil få varsel om dette.

 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted