Laboratoriet Stord sjukehus
Er du bioingeniør som vil jobbe i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø, og klar for nye utfordringar?
Laboratoriet på Stord er ein del av avdeling for laboratoriemedisin, eitt av seks laboratorium i Helse Fonna. Vi er eit akkreditert laboratoruim med døgnkontinuerleg drift, og her får du variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin. Du vil arbeide med topp moderne utstyr og automasjon i eit inkluderande miljø og tett samarbeid med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar! Vi utfører analysearbeid innan medisinsk biokjemi og immunologi, samt transfusjonsmedisin.
Vi har no eit ledig vikariat fra 01.01.2026 – 31.12.2026, med gode muligheter for fast stilling. Startdato etter avtale.
Stillinga inngår i turnusordning med tredelt vakt og arbeid kvar tredje helg. Vi tilpasser turnus individuelt.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga – og vil bli ein del av vårt team! Vi gledar oss til å bli kjent med deg!
Kva går jobben ut på?
- Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi.
- Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse.
- Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga.
- Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som bioingeniør.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel, men ikkje et krav.
- Gode IKT kunnskaper.
Kva ser vi etter hos deg?
- Fagleg engasjert og lærevillig
- Jobbe strukturert og målretta
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Må trivst i eit aktivt miljø med varierte arbeidsoppgåver
- Serviceinnstilt
Kvifor skal du velje oss?
- Variert arbeid innan medisinsk biokjemi og transfusjonsmedisin.
- Eit inkluderande miljø og tett samarbeid med engasjerte, kompetente og stolte medarbeidarar.
- Arbeide med topp moderne utstyr og automasjon.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Pedersen, Funksjonsleiar – Laboratoriet Stord, +47 45661893
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5049235411
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 19.12.2025