Vi søkjer Anleggsarbeidarar

  • Heltid
  • , NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 30. august 2025

Volda Maskin AS

Som anleggsarbeidar er du ein av dei viktigste grunnsteinane i bransjen vår. Kvardagen din vil innehalde oppgåver som t.d. opparbeiding av grøft og VA-anlegg, stikning/oppmåling, klargjering til asfalt, og tett samarbeid med maskinførar. Vi søkjer deg som har auge for gode løysningar, gode rutinar for HMS og kvalitet, likar fysisk arbeid og trivst med å jobbe ute. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre. Du må også vere rutinert og lærevillig, for å oppfylle stadig strengare krav til dokumentasjon på utført arbeid. Vi vil legge til rette for kompetanseheving og fagleg utvikling, og det er mulig å bevege seg vidare mot andre spennande fagfelt, t.d. anleggsrørlegging.

Dine kvalifikasjonar:

· Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid. Stillinga kan omfatte arbeid på anlegg med lang reiseveg eller arbeidstidsordningar med krav om å bu på anlegg.

· Løysningsorientert, sjølvstendig og evne til å ta ansvar.

· Fagbrev innan relevant fagområde, og gjerne ADK eller andre aktuelle kurs. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt.

· Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.

· Førarkort klasse B og BE.

Vi kan tilby:

· Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.

· Moglegheit for fagleg utvikling.

· Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.

· Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Jobbsted