Stavanger akuttsenter - Madla, Bufetat
Ved Stavanger Akuttsenter avdeling Madla vert det med dette lyst ut etter 2 faste stillingar som 78,02% miljøterapeut på natt. Etter ei tid med omstilling, er vi ei avdeling med godt etablert metodikk samstundes som vi er opptatt av fagleg utvikling.
Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom.
Ungdomane du skal hjelpe kjem til oss i ei kritisk stund i eiga liv.
Vil du vere med å hjelpe dei?
Vere der for dei når det gjeld som mest?
Gje dei omsorg, varme og tryggleik i timane, dagane og vekene som kjem?
Hvis du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, kan dette vere rette jobben for deg.
Stavanger akuttsenter, avdeling Madla tek imot ungdom plassert etter lov om Barnevern §§ 6-1 og 6-2/ 5-1. Vi har plass til 5 ungdomar i alderen 13-18 år.
Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklart, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 2 institusjonsavdelingar og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar; ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.
Det å jobbe i akutten byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar og internt opplæringsprogram. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
Tiltredelse etter avtale. Avdelinga har eigen nattevaktturnus med vaktar inntil 10 timar. Arbeid kvar tredje helg. Bemanningsnorm er 4 vakne nattevakter.
Vi ynskjer ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskilt menn til å søkje.
Arbeidsoppgåver
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningsliner og fagleg rettleiar for akuttarbeid.
- Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får medverke og oppleva omsorg, tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss.
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartar rundt den einskilde ungdom.
- Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
- Ansvarsvakt
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, eller påbegynt treårig relevant høgskuleutdanning, kan vurderast.
- Søkjarar utan høgskuleutdanning, men med relevant praksis og/eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan og søkje.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
Det er ønskjeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeidar sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan møte ungdomane og deira behov.
- Du har evne til å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i team.
- Du er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
- For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 480 000 – 605 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 532 200 – 650 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, pt. kr. 400 000 – 500 000 (ltr 30-43) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 450 000 – 550 000 (ltr 41-50).
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Dessutan kan vi tilby:
- Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar og internt opplæringsprogram.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrer vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillingane er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avd Madla.
- Politiattest må fremlegges ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ynskjet ditt ikkje tas til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legga ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Monika Høyer Haugland, Avdelingsleiar, 47844074
Arbeidssted
Kompani Linges vei 23
4045 Hafrsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 4931604036
Stillingsprosent: 78,02%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 10.08.2025