Avdeling Haram bustader 1, Haram kommune
Butenesta i Haram har ledig 2 100% stillingar som vernepleiar/sjukepleiar.
Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustader 1. Turnus for stillinga er for tida dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg. Vi har hovudkontor i Brattvåggata 19. Haram bustader yter tenester til i hovudsak menneske med diagnosen psykisk utviklingshemming. Vi kan tilby eit god fagmiljø og butenesta har fokus på å yte gode tenester, fagutvikling og kompetanseheving. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som vernepleiar/sjukepleiar får du vere ein del av dette arbeidet.
I 2025 er vi med i prosjektet TØRN.
Stillinga er ledig frå 1. september -25, eller etter avtale.
Haram bustader er delt inn i tre avdelingar. Haram bustader 1 som består av bustader. Haram bustader 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og dagsenter. Den 3. avdelinga er barnebustad som er lokalisert på Solbakken bukollektiv. Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers, og har jamlege felles miljøterapeutmøte.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Medikamenthandtering.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskje.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Rettleiingsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Gruppeleiar med primæransvar.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ.
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Evnar å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Evnar å skape engasjement og har gode haldningar.
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Er lojal og stabil.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med moglegheit for personleg og fagleg utvikling.
- Rom for å vere kreativ.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Avsett tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla.
- Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam i lag med 4 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeidarar og assistentar.
Kontaktinformasjon
Susanne Kristin Snipsøyr, Avdelingsleiar, 90016534, Susanne.Kristin.Snipsoyr@haram.kommune.no
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4989435145
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 24.08.2025