Vernepleiar i Tilrettelagte tenester

  • Heltid
  • HEGGENES, NORGE
  • Publisert: 19 timer siden
  • 19. oktober 2025

Øystre Slidre kommune

Tilrettelagte tenester har ledig 100% fast stilling som vernepleiar!

Vi gjev tenester til barn, ungdom og vaksne med ulike bistandsbehov, og tenesta er aukande. Tenesta er inne i ein god prosess med endring og fagleg utvikling, og vi søkjer derfor deg som er engasjert og har eit fagleg fokus. Du vil få god anledning til å utvikle både deg sjølv og arbeidsplassen, og du vil bli ein del av eit dyktig vernepleiar-team og eit godt fagmiljø. Vi har eit godt arbeidsmiljø med mange flinke og dedikerte tilsette, der ein får anledning til å utfylle og utfordre kvarandre. Fagadministrativ tid er implementert i turnus.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Arbeidsoppgåver

  • Systematisk fagleg oppfølging og rettleiing av kolleger
  • Delta i aktuelle brukerretta møter
  • Sikre at arbeidet blir utført etter gjeldande lover, regler og prosedyrer
  • Utarbeide og følgje opp vedtak etter HOL kap 9 der det er aktuelt
  • Utarbeiding av individuell plan, fungere som koordinator i ansvarsgrupper
  • Samarbeid med pårørande/verge, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartar 
  • Direkte brukerretta miljøterapeutisk arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov
  • Utarbeide og gjennomføre ulike tiltak
  • Utarbeide og evaluere rutiner
  • Medisinhandtering

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis utdanning og autorisasjon som vernepleiar
  • Andre med relevant 3-årig helsefagleg utdanning og erfaring frå liknande arbeid kan og søke
  • Studentar er velkomne til å søke
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode kunnskapar om systematisk målretta miljøterapeutisk arbeid
  • Du må ha førarkort for bil
  • Godkjent politiattest må leggjast fram før du startar

Personlege eigenskapar

  • Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus. Du må gjerne vere ein pådrivar for faglege diskusjoner og etisk refleksjon
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, ta initiativ og være løysningsorientert
  • Vere fleksibel, positiv og ha gode samarbeidsevner 
  • Ha engasjement for målgruppa og like ansvar
  • Vi legg vekt på personleg eignaheit

Vi tilbyr

  • Stor moglegheit for å vere med på å utvikle arbeidsplassen og innhaldet i stillinga
  • Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette som er motiverte for endring 
  • Ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på deg dersom du ønskjer fagleg utvikling og påfyll
  • Moglegheit for tilpasning og fleksibilitet i stillinga for å imøtekomme din livssituasjon
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • God pensjonsordning
  • Lønnsuttelling for relevant vidareutdanning

Kontaktinformasjon

Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5014842051
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted