Stryn Kommune
Det er ledig 100% fast stilling for vernepleiar i Eining for miljø- og velferdstenester frå 01.01.2026. Stillinga er knytt til heimetenesta for utviklingshemma, med turnusarbeid og helgearbeid.
Heimetenesta har fleire avdelingar, kva avdeling ein blir tilsett i vert avgjort seinare. Arbeidet skjer i brukar sin heim med daglege gjeremål og utviklingsarbeid. Brukarane er personar med ulik grad av psykisk utviklingshemming.
Arbeidsoppgåver
- Brukaroppfølging i form av tilrettelegging og utføring av miljøterapi
- Tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt
- Utarbeide og følgje opp tiltaksplanar og prosedyre
- Kontakt og samarbeid med pårørande og nettverk
- Rettleie medarbeidarar til å yte godt miljøarbeid og utvikle seg fagleg
- Samarbeid med spesialhelsetenesta, fastlege og primærhelsetenesta
- Kvardagshabilitering
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar eller anna relevant høgskuleutdanning
- Gode datakunnskapar
- God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ha interesse for å arbeide miljøterapeutisk, gjerne med relevant tilleggsutdanning
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide i team så vel som sjølvstendig
- Evne til å vise respekt, empati og omsorg
Vi tilbyr
- Varierande arbeid i positivt miljø
- Tenester i utvikling
- Løn etter tariff
- Tilsetting etter lover og avtaler
- God pensjonsordning
- God arbeidstidsplanlegger for turnusarbeid
Kontaktinformasjon
Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790
Arbeidsstad
Tonningsgata 4
6783 STRYN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5050721997
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.12.2025