Vernepleiar 100% fast – Kvassnesvegen

Om stillinga

Me søkjer engasjert og fagleg interessert vernepleiar til Kvassnesvegen bufellesskap. 

Som vernepleiar blir du ein viktig del av det aktive fagmiljøet ved bufellesskapet vårt. Du vil få ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid, samt vere med i eit kollegialt fellesskap der me utviklar oss fagleg og personleg. Me søkjer ein trygg og relasjonssterk fagperson som arbeider i tråd med vedtak og lovverk. 

Me har ledig 100% fast stilling som vernepleiar, med arbeid kvar tredje helg / evt. kvar fjerde helg langvakter. 

Om oss 

Kvassnesveien bufellesskap har 9 leilegheiter og fellesareal med stove og kjøkken, og er heimen til 9 personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har heildøgnsbemanning, med våkande nattevakter, og totalt ca. 23 årsverk

Arbeidsoppgåver

  • Å rettleie og hjelpe bebuarane med daglege oppgåver og aktivitetar i kvardagen.
  • Planlegge og tilrettelegge for gode tenester, 
  • Dokumentere naudsynt informasjon og utførte oppgåver i journalsystemet Profil

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert helsefagarbeidar 
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 
  • God datakunnskap

Det er ein fordel om du har kjennskap til kap.9

Kven er du?

  • Arbeider for gode tenester i tråd med vedtak og lovverk 
  • Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit
  • Er god på å samarbeide med pårørande og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • Er trygg i deg sjølv, handterer krevjande situasjonar med ro og tydelegheit
  • Har gode kommunikasjonsevner og ser betydninga av både små og store augneblinkar i relasjonsbygging
  • Ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og ikkje er redd for å sei ifrå om ting ikkje fungerar
  • Du er ein trygg fagperson som kan reflektera etisk og fagleg over problemstillingar
  • Er fleksibel og løysingsorientert

 

Vi som bur i Kvassnesvegen bufellesskap ønskjer oss ein person som:

  • Ser oss, tar seg tid og er til stades for oss
  • Kan rettleie og gi oss råd, og hjelpe oss med det me treng hjelp til 
  • Hjelpe oss ta gode val utan å bestemme over oss
  • Kan oppmuntre, motivere og ha det gøy i lag med oss
  • Er blid og i godt humør – I all fall mesteparten av tida.

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
  • Oppfølging og rettleiing
  • Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel

     

  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Om Habiliteringstenesta 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, 

og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted