Verdas beste sveler? Vi ynskjer ein entusiastisk sal- og kampanjeansvarleg med oss på reisa!

  • Heltid
  • FLORØ, NORGE
  • Publisert: 4 timer siden
  • 27. oktober 2025

Vil du bli Fjord1 sin nye sal- og kampanjeansvarleg  for Ferdamat? 


Ferdamat er kiosk og serveringskonseptet til Fjord1, og skal sikre våre kundar viktig påfyll på reisa gjennom 70 betjente og sjølvbetjente serveringsstadar. Og fleire skal det verte!  


Er du klar for ei rolle der du får vere med å forme og drifte våre kioskar med eit breitt utval av mat og drikke til reisande om bord på ei av landets mest kjende ferjeflåter? Fjord1 søkjer no ein engasjert og framtidsretta sal- og kampanjeansvarleg! 


I eit team med tre andre kollegaer får du ansvar for di eiga portefølgje med fartøy. Kontorstad vil vere ved eit av våre kontor i Florø eller Molde, avhengig av kvar du bur, og denne stillinga gjer deg stor grad av fridom og sjølvstende i kvardagen. Som sal- og kampanjeansvarleg trivast du både på kontoret og ute på vegen der det skjer.


Med Fjord1 i ryggen vil du få påverke og utvikle ei spanande og variert portefølje av serveringsstadar ombord i fartøya – med mål om å skape gode kundeopplevingar og styrke salet vårt om bord. 


Vil du vere med å få fleire ut av bilen – og inn i salongen? 

Arbeidsoppgåver

  • Leie sal- og kampanjearbeid etter overordna strategiar, mål og verdiar
  • Vidareutvikle dagens cateringkonsept i tråd med catering strategi
  • Leie etter ei kvar tid gjeldande konsept og internkontrollsystem 
  • Arbeide ut frå faglege føringar, i samarbeid med leiarar innan catering og drifta
  • Maksimere omsetning og lønsamheit gjennom planar, riktig lagerstyring, budsjett og kostnadsoppfølging
  • Gje kunden ein inspirerande butikk med eit definert varesortiment og serviceinnstilte medarbeidarar
  • Optimaliserte opningstider og skiftplanar i samarbeid med operativ leiar og mannskapskoordinator
  • Vere med i prosessen rundt nytilsetjingar
  • Prosjektdeltaking / leiing av cateringprosjekt

 

Sjølv om du jobbar mykje sjølvstendig, er du aldri åleine. Du blir ein del av eit team der vi samarbeider tett, og har faste møtepunkt. Vi legg til rette for fagleg påfyll, inspirasjon og sosialt fellesskap – og gode samtalar, gjerne over ei svele. 

Vi ser etter deg som er 

  • Erfaren og kan vise gode resultat frå sal og salsleiing innafor relevant bransje 
  • Utdanna innan økonomi, varehandel eller anna relevant fagfelt.
  • Interessert i stillinga og har relevant yrkeserfaring som kan kompensere for manglande utdanning.
  • Kompetent innan matfag, eksempelvis kokk. 
  • Fortruleg med bruken av dataverktøy og programvare for salsanalysar og rapportering
  • God i munnleg og skriftlege norsk og engelsk
  • Glad i å vere på farten og har sertifikat klasse B

Og i tillegg set vi pris på at du

  • Er open og ærleg
  • Har evne til å være kreativ, strukturert og effektiv
  • Likar å arbeide i team, kan leie og motivere kollega, i tillegg til at du er sjølvstendig og målretta 
  • Er fleksibel og trivast med å ta arbeidsoppgåver på sparket
  • Er empatisk og flink til å omgåast andre menneskjer
  • Har eit vinnande vesen og entusiasme for arbeidet 
  • Ansvarsbevisst, løysingsorientert og innehar gode samhandlingsevner 

Dette får du hos oss

  • Ei viktig rolle eit av landets leiande fergeselskap
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle ein viktig del av Fjord1 si drift
  • Stor fridom og fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag
  • Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø med god kultur for samarbeid
  • Utviklingsmoglegheiter både fagleg og personleg, i ein stor og trygg organisasjon
  • Marknadens beste ordningar for forsikring og pensjon?
  • Tilgang til leiligheiter og hytter som ein del av velferdsordninga, for å nemne noko!
  • Og ja – vi seier det gjerne igjen: Verdas beste sveler! I fjor selde vi over 460 000 – og vi satsar på enda fleire i år. 

 

I Fjord1 kombinerer vi kvalitet, lønsemd og miljøtenking – og vi trur på at vi lukkast best når vi jobbar saman og bygger kvarandre gode. Vil du vere med å løfte kundeopplevinga og salet om bord våre fartøy? Bli med oss på reisa!
 

 

Kontaktinformasjon

Olav Strømstad, Leiar Catering, +4795249633, Olav.Stromstad@fjord1.no
Nina Eren Hovland Liseth, HR rådgjevar, +4795152023, nina.liseth@fjord1.no

Arbeidsstad

Strandavegen 15
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5024231734
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted