Kollen ungdomsbase, Bufetat
Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte?
Kollen Ungdomsbase har ledig stilling som nattevakt i 84%. Vi er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18 (20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdommane er plassert etter Lov om barnevernstenester.
Institusjonen ligg i Vestnes kommune og har sju plassar, fordelt på to avdelingar, inkludert institusjonshyblar. Kollen Ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdommane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitetar med vaksne, skal oppleve meistring og ny læring for å oppnå endring og utvikling. Målet for miljøterapien er at ungdommane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønster slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte.
Vi har ledig stilling som nattevakt i 84% stilling som miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut frå snarast. Arbeidstida for vaken nattevakt er frå kl 23.00. til kl 08.00. I stillinga jobbar du og nokre dag- og kveldsvaktar. Du har arbeid kvar fjerde helg. Meir inngåande informasjon om turnus blir gitt under intervju.
På grunn av kjønnssamansetting i personalgruppa, vert menn oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgaver
Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe natt og bidra til at ungdommane får tilstrekkeleg og god søvn. Som nattevakt er di oppgåve å ivareta ungdommane og oppretthalde ro på avdelinga nattestid.
Du vil blant annet få jobbe med:
- Rettleie og sette grenser på en utviklingsstøttande måte
- Målretta og systematisk arbeid etter arbeidsmodellar frå kognitiv miljøterapi
- Traumesensitiv og profesjonell omsorg
- Følgje opp miljøterapeutiske planar på ein fagleg og systematisk måte
- I tillegg skal ein utføre praktiske oppgåver ved institusjonen
- Bidra til å ivareta rettsikkerheita til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon
Miljøterapeutane vert i det daglege leia av ein avdelingsleiar.
Hvilken bakgrunn har du?
Vi søkjer deg som har
Fullført bachelorutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar, eller anna relevant bachelorutdanning med 180stp.
For tilsetting som spesialutdanna miljøterapeut må du ha relevant vidareutdanning med minimum 60stp.
Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, gode IT-ferdigheiter og førarkort kl.B med manuelt gir
Det er og ønskjeleg at du har
- Relevant vidareutdanning og/eller god kjennskap til kognitiv terapi
- Nyare relevant erfaring frå arbeid med ungdom
- Robust helse, då arbeidet med målgruppa er psykisk og fysisk krevjande
Kven høver til rolla?
Som godt eigna miljøterapeut er du kjenneteikna ved å vere ein trygg og sjølvstendig vaksen som kan samarbeide og kommunisere godt med andre, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig og strukturert.
Du høver til rolla dersom du
- kan vere fleksibel utan å vere ettergjevande, og sensitiv utan å miste den naudsynte profesjonelle distansen
- kan vere vital og optimistisk, og ser små framsteg som viktige sigrar
- kan bruke din autoritet utan å vere undertrykkande
- kan ta imot rettleiing og arbeide med eiga utvikling
For oss er det viktig at du har evne til å skape god kontakt med ungdommane og at du er ein positiv ressurs for arbeidsmiljøet.
Vi tilbyr
Stillingane er plassert i statlig lønnsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut p.t. kr. 466 600 – 604 900 pr. år. Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 stp., kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt. kr. 532 200 – 646 000 pr. år.
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, mulighet for tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
I tillegg kan vi tilby:
Sosiale tiltak saman med gode kollegaer
Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
Opplysningar til deg som søker:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk
- Stillinga er for tida lagt til Kollen Ungdomsbase, Vestnes
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Hilde Sivertsen, Einingsleiar, 992 45 684, hilde.sivertsen@bufetat.no
Arbeidssted
Myrakollen 2
6390 Vestnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 5019454901
Stillingsprosent: 84%
Fast
Startdato: 13.12.2025
Søknadsfrist: 26.10.2025