Herøy kommune, kultur og oppvekst
Ungdomslos er ei treårig engasjementstilling knytt til nyoppretta miljøteam på Herøy ungdomsskule. Ungdomlosen skal saman med miljørettleiar og ungdomscoach jobbe tett på ungdom som står i fare for å falle – eller har falle – heilt eller delvis ut av grunnskulen.
Ungdomlosen skal ha særleg fokus på samarbeidet med heimane til ungdommane og styrke foreldra i deira viktige rolle for ungdommen. Losen skal bidra til å bygge bru mellom heim, skule og det tverrfaglege laget kring ungdommar som står i utfordringar og familiane deira.
Stillinga er ein viktig del av BTS-tiltaka (betre tverrfagleg samhandling) i Herøy kommune
Arbeidsoppgåver
- motarbeide utanforskap
- kartlegging og støttesamtalar med ungdommar i og utanfor skulen
- oppfølging av heime- og fritidssituasjon for ungdommar som har utfordringar
- kartlegging og støttesamtalar med føresette til ungdommar som står i utfordringar
- foreldrerettleiing
- ta del i tverrfaglege møte og samarbeid ut frå elevane sitt behov
- samarbeide med foreldre og vere ei bru inn til skulen der eleven har vanskar med å møte
- vere tilgjengeleg på arenaer ungdommane er på, både på skule og fritid, og legge til rette for auka tilhøyre i både skule og fritidsaktivitetar
Kvalifikasjonar
- minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning: barnevernspedagog, sjukepleiar med viderutdanning innafor psykisk helse, mentor , pedagogikk
- vidareutdanning/etterutdanning i rettleiing, familiearbeid, psykisk helse eller skulemiljø (ein fordel)
- relevant erfaring frå arbeid med barn, ungdom og deira familie
- førarkort klasse B og eigen bil
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- positiv og fleksibel
- god relasjonskompetanse
- god på å motivere og skape engasjement
- evne til å arbeide sjølvstendig
- evne til å arbeide strukturert og målretta
- god kjennskap til skuleverket, ulike kommunale tenester og anna hjelpeapparat
- god skriftleg og munleg framstillingsevne
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar.
Vi tilbyr
- ei variert og utviklande stilling, med stor breidde i arbeidsoppgåver internt og eksternt
- eit støttande kollegium med høve til læring og utvikling
- IA-bedrift og ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422
Arbeidsstad
Lisjebøvegen 14
6091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 4982808884
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 11.08.2025
Sluttdato: 31.12.2027
Søknadsfrist: 27.06.2025