Undervisningsstillinger årsvikariat i norsk, engelsk, rettslære, markedsføring og ledelse

  • Deltid
  • OLSVIK, NORGE
  • Publisert: 5 dager siden
  • 27. april 2025

OLS - OLSVIKÅSEN VGS, Vestland fylkeskommune

Skulen har om lag 550 elevar. Vi tilbyr programfagområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur. I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag med ordinært opplæringstilbod har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi tilbod om kvardagslivstrening og arbeidstrening.

Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved  foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med  gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.

På Olsvikåsen vgs er nærleik eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.

Du kan lese meir om oss her.

Arbeidsoppgåver

  • Fast 27% stilling i rettslære
  • For fellesfag og programfag har vi ledig vikariat på følgende
    Vikariat 61% i norsk frå 01.08.25 – 27.02.26
    Vikariat 51% i engelsk frå 01.08.25 – 31.12.25
  • Vikariat fra 01.08.25-31.07.26 i følgende fag:
    Markedsføring og ledelse 55%
    Norsk 90%
    Engelsk 54%

Det kan bli lagt kontaktlærarressurs til nokre av stillingane. Vi ønskjer at søkjarar har undervisningskompetanse i fleire av skulen sine fag.

Kvalifikasjonar

  • til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng
  • det er ynskjeleg med undervisningskompetanse i fleire av skulen sine fag
  • undervisningserfaring frå vidaregåande skule er ei føremon

Personlege eigenskapar

  • er målretta, systematisk og løysingsorienterter
  • positiv, initiativrik, engasjert og har gode kommunikasjonsevner
  • set eleven si læring og utvikling fremst, og som vil skape gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre

Vi tilbyr

  • eit aktivt og stimulerande fagmiljø
  • ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
  • løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar

 

Andre opplysninger 

  • vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på   offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort 
  • administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
  • den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest av nyare dato

 

 

 

Kontaktinformasjon

Snorre Loeng, avdelingsleiar, +47 55511415, snorre.loeng@vlfk.no

Arbeidsstad

Olsvikåsen 152
5183 Olsvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4954839869
Stillingsprosent: 61, 51, 55, 27, 90, 54%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 28.04.2025