Undervisningsstilling – timelærar i 80 % stilling  – vikariat – Hordabø skule

Om stillinga / skulen 

Ledig vikariat.  01.08.2025 – 31.07.2026  80 % (kan bli utvida til 100 % stilling). 
Timelærar, 1.-4.trinn

Hordabø skule ligg i Bøvågen, lengst nord på Radøy (ca 35 min. køyretur frå Knarvik).

Skuleåret 2025-2026 har me ca 130 elevar og 25 tilsette. 

På Hordabø skule har me for tida ekstra fokus på lesing og læringsmiljø.

Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du få moglegheita til å utøve verdas beste og viktigaste jobb – undervisning!

Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med vårt engasjerte team vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.

Kvalifikasjonskrav

Det er ønskjeleg med kompetanse for å undervise som timelærar i 1 – 7 trinn. Gjerne med erfaring frå undervisning.

Ønskt kompetanse
 Vi søkjer lærarar som:

  • Er fagleg bevisst, godt førebudd og har planlagt undervisninga både aleine, og i lag med kollegaar.
  • Har god innsikt i lærarrolla og skulen som organisasjon
  • Er synleg i skulen sine ulike møteplassar
  • Bidreg til å utvikla skulen sitt positive arbeidsmiljø
  • Har gode kommunikasjonsevner og er ein tydeleg klasseleiar.
  • Er opptatt av ein inkluderande undervisningspraksis med høg grad av elevaktivitet og elevmedverknad
  • Aktivt samarbeider med kollegaar og skuleleiinga om utvikling av læringsmiljø og læringsutbyte

Alver kommune har nynorsk som målform. Søkar må grunnleggande ferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg.

I tråd med opplæringslova vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede

Vi tilbyr

Som ein del av vår skule får du moglegheita til å vere ein del av eit engasjert og dyktig lærarteam. Du vil jobbe saman med flotte elevar som vil inspirere deg kvar dag. Vi tilbyr løn etter avtaleverket, som reflekterer dine kvalifikasjonar og erfaring.

Vi ser fram til å ønskje deg velkommen som ein verdifull tilvekst til vårt lærarteam.

Søk no og bli med på å forme våre elevar sin framtid!

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted