Alver kommune
Har du eit stort engasjement for ungdom og eit ønske om å utgjere ein skilnad?
Radøy ungdomsskule søkjer ein dyktig og engasjert lærar til eit 100% vikariat frå 01.11.2025-31.07.2026. Du vil få mogelegheit til å bli ein del av eit aktivt læringsmiljø som jobbar målretta for elevane sin trivsel og utvikling.
Radøy ungdomsskule ligg sentralt på Manger med nærleik til flott natur. Skulen har 28 tilsette som brenn for å skape ein god læringsarena for våre flotte elevar.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla vil du få mogelegheit til å utøve verdas beste og viktigaste jobb – undervisning!
Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med våre engasjerte medarbeidarar vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen. Til stillinga ligg og kontaktlæraransvar og faglæraransvar.
Kvalifikasjonskrav
Vi ser etter ein lærar med godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse for ungdomsskulen. Du har sterke faglege og didaktiske kunnskapar. Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine behov.
Det er ønskeleg med kompetanse i norsk, samfunnsfag, naturfag, friluftsliv og spesial pedagogikk.
Kven er du?
Vi verdset eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til både ungdommar og vaksne. Fleksibilitet, løysingsorientering og samarbeidsvilje er viktige eigenskapar for å trivast i vårt dynamiske miljø. Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først. Di positive haldning og gode humør vil bidra til ein inspirerande og energisk arbeidsplass. Du er ein tydleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisning til kvar einskild elev sine behov.
Me tilbyr
- Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit inkluderande og utviklingsorientert miljø.
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til livet til mange
- God pensjonsordning i SPK
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med opplæringslova § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede