Undervisningsstilling 100% fast i norsk og samfunnsfag, innføringsklasse

  • Heltid
  • BRYNE, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 26. april 2025

Bryne vgs, Rogaland fylkeskommune

Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet, med om lag 2200 elevar og om lag 360 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum, i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling, med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktige for skulen. 

Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no     

Det er frå 01.08.25 ledig 100% fast stilling i norsk og samfunnsfag.
Undervisninga er for skoleåret 25/26 i ein innføringsklasse.  

   

Kvalifikasjoner

  • Søkjar må ha formell undervisningskompetanse i norsk
  • Det er en fordel med kompetanse på opplæring i norsk for minoritetsspråklege elevar
  • Godkjend praktisk- pedagogisk utdanning
  • Godkjend politiattest
  • Gode norskkunnskapar
  • Me legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga

Personlige egenskaper

  • Ein tydeleg klasseleiar som trivst med ungdom og som kan bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar
  • Ein tilsett som er open og villig til å samarbeide, og som er ein kreativ formidlar med godt humør
  • At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert
  • At du har gode digitale ferdigheiter

Vi tilbyr

  • Flotte undervisningsbygg og eit dynamisk kollegium.
  • Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring
  • Ein vidaregåande skule med mange moglegheiter både for lærarar og elevar
  • Løn etter tariff

 

 

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.

Kontaktinformasjon

Jan Njærheim, Avdelingsleiar , 97 70 11 51, jan.njerheim@skole.rogfk.no
Ole Martin Hillesund, Avdelingsleiar , 92 48 40 71, ole.martin.hillesund@skole.rogfk.no

Arbeidssted

Hetlandsgate 27
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune

Referansenr.: 4952355969
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 27.04.2025