Universitetet i Stavanger
Om stillinga
Vil du vere med på å gjere Universitetet i Stavanger sin studieportefølje kjend for nye målgrupper? Brenn du for digitale kanalar og kan engasjere med godt innhald? Vil du jobbe som del av eit marknadsteam og saman med studentar for å gjere universitetet og utdanningane våre kjend for verda?
Universitetet skal styrkje sitt studentrekrutteringsteam, og vi søker deg med spesialistkompetanse innan digital marknadsføring og erfaring frå både strategisk og operativ bruk av digitale kanalar og sosiale medium. Du vil ha ansvar for digital annonsering og kampanjeoppsett, og bidra til å utvikle og systematisere vår digitale marknadsføring og studentrekruttering – retta mot både nasjonale og internasjonale søkarar.
Stillinga er ei fulltids prosjektstilling over tre år i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt, og er ein del av eit strategisk omstillingsprosjekt ved UiS med mål om å gi studentrekrutteringsarbeidet eit varig løft og universitet fleire studiesøkarar. I prosjektperioden skal vi kartleggje nye målgrupper, etablere nye marknadsplanar og strategiar, og sikre at innsikt og kompetanse blir brukt riktig og forankra i organisasjonen.
Du vil jobbe i studentrekrutteringsteamet og på lag med dei dyktige medarbeidarane våre i avdelinga og på fakulteta, samt andre interne og eksterne aktørar. Stillinga inngår også i institusjonelle nettverk innanfor fagfeltet.
Oppstart i stillinga vil være 1. november 2025 eller etter avtale.
Hovudoppgåver
- Systematisere digital marknadsføring mot ulike målgrupper, med kontinuerleg testing, analysearbeid og rapportering. Operativt ansvar for UiS sine annonseringsverktøy (Meta, TikTok og Snapchat).
- Produksjon av innhald til digitale kanalar og sosiale medium i tråd med kunnskapsgrunnlag, spesielt med tekst og visuelle verkemiddel.
- Utvikle strategiar og marknadsplanar.
- Gje råd til leiarar og tilsette om marknadsføring og kommunikasjon.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning, særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- relevant erfaring frå operasjonelt og strategisk marknads- og kommunikasjonsarbeid
- erfaring med Meta, TikTok og Snapchat. Erfaring frå Google Ads er ein fordel.
- erfaring frå strategisk arbeid med annonsering i digitale kanalar, oppsett av kampanjar og drift av sosiale mediekanalar
- svært god skriftleg formuleringsevne både på bokmål, nynorsk og engelsk
Vidare vert det lagt vekt på at du:
- held deg oppdatert på trendar og digital utvikling
- har gode samarbeidsevner
- har god målgruppeforståing
- er analytisk, strukturert og arbeider sjølvstendig
-
er målbevisst og tek initiativ til forbetringar
Vi tilbyr
Vi tilbyr:
- eit sterkt fagmiljø innanfor kommunikasjon i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
- lønn etter Statens lønnsregulativ, kode 1434 rådgiver, kr 630.000-730.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse
- medlemskap i Statens pensjonskasse, som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
- meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider.
Mangfald
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når me har ulike bakgrunnar og erfaringar kan me sjå utfordringar frå fleire vinklar og finna betre løysingar.
På UiS er me opptekne av å visa respekt for kvarandres ulikskapar og legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Me tek omsyn til behova dine og din situasjon i ulike livsfasar.
Synest du denne stillinga er interessant, oppmodar me deg til å søkja, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du i ein periode har vore utanfor arbeidslivet.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår.
Les meir om krava for å bli vurdert som søkjer i desse gruppene her.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søkja. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Kontaktinformasjon
Spørsmål om stillinga kan rettast til direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt Vibecke Lykke Olsen, tlf: 98 11 63 30 , e-post:vibecke.olsen@uis.no.
Spørsmål om tilsettingsprosessen kan rettast til HR-rådgiver Christina Storm, tlf: 51 83 17 53 e-post: christina.storm@uis.no.
Søknad
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.