UDI søkjer engasjert og dyktig Fagdirektør for digital utvikling

  • Heltid
  • OSLO, NORGE
  • Publisert: 1 dag siden
  • 18. oktober 2025

Vil du vere med på å forme framtidas digitale løysingar i utlendingsforvaltninga? 
Som Fagdirektør i Digitaliseringsavdelinga (DIGA) vil du ha ei nøkkelrolle når vi skal definere effektiviseringsområder ved moderniseringa av digitale tenester til heile utlendingsforvaltninga. Du blir ein del av ei samansveisa leiargruppe, i eit miljø prega av samarbeid, høgt under taket og kontinuerleg forbetring. I jobben vil du arbeide mykje med å sikre at organisasjonen tar tak i nye moglegheiter for prosess og organisasjonsutvikling i takt med dei pågåande programma. 

Hos oss skjer det mykje spanande! Utlendingsdirektoratet (UDI) har sett i gang eit stort moderniseringsprogram, der vi dei neste seks åra skal utvikle heilt nye IT-system. Desse systema er avgjerande både for nasjonal tryggleik, for alle som søkjer opphald i Noreg og for medarbeidarane våre. Saman med UD, UNE og Politiet har vi fått over 2 milliardar kroner til å byggje nye løysingar frå botnen av. Som fagdirektør vil du utgjere ein skilnad og bidra til at UDI lukkast med eitt av dei største og viktigaste IT-prosjekta i landet. 

I DIGA utviklar, driftar og forvaltar vi IT-tenester som er avgjerande for behandling av søknadar om asyl, visum, opphald og statsborgarskap. Vi har ansvar for UDIs digitale vegkart, målbilete og handlingsplanar, og deltek aktivt i europeisk samarbeid om felles løysingar. Med over 170 tilsette og 100 konsulentar er vi eit sterkt fagmiljø som brenn for å skape brukarvenlege, trygge og framtidsretta løysingar. Vi er på ei endringsreise frå prosjektorganisering til myndiggjorde team – og hos oss finn du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, humor og rausheit! I DIGA legg vi stor vekt på at medarbeidarar skal få moglegheiter til vidareutvikling når det bidrar til verksemda sine mål. 

Arbeidsoppgåver

Du rapporterer organisatorisk til Direktør for digitalisering, men som Fagdirektør vil du gå rett inn i vårt digitaliseringsprogram for å modernisere utlendingsforvaltinga. Hovudfokus vil vere å sikre godt samspel med ressursar på fag/forretningsida i organisasjonen, og klargjere organisasjonen for å sikra at digitale moglegheiter blir omsett i moderne arbeidsprosessar og nye måtar å løysa oppgåver på. Vi ynskjer deg som har erfaring frå forbetringsarbeid og prosessutvikling gjennom digitalisering. Digitaliseringsavdelinga og dei pågåande investeringsprogramma har mange dyktige medarbeidarar som saman med deg vil utgjere eit sterkt og godt fagmiljø. 

Typiske arbeidsoppgåver vil vere 

  • Bidra til å vidareutvikle UDI og resten av utlendingsforvaltinga 
  • Sikre samarbeid på tvers med andre avdelingar og etatar, og bidra til god flyt i heile utlendingsforvaltninga 
  • Leggje til rette for gode arbeidsprosessar og kontinuerleg forbetring gjennom mål som blir fastsette i samarbeid med næraste leiar 
  • Være pådrivar for at heile utlendingsforvaltninga utnyttar potensialet som ligger i digitalisering i takt med pågåande aktivitetar 
  • Sikre effektiv samarbeid og dialog mellom digitaliseringsprogramma og prosessforbetringsarbeide på fag-/forretningsida i organisasjonen 

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på masternivå Bachelorgrad kombinert med solid og relevant erfaring kan kompensere for kravet 
  • Solid erfaring med forbetringsarbeid og prosessutvikling gjennom digitalisering 
  • Erfaring frå endring og modernisering av arbeidsprosessar, gjerne frå offentleg sektor 
  • God på prosess, flyt og kontinuerleg forbetringsarbeid 
  • God forståing av offentleg forvaltning, verksemd og roller 
  • God forståing for korleis digitale moglegheiter kan omsetjast i nye måtar å løyse oppgåver på 
  • Erfaring med fagleg leiing gjerne knytt til utvikling av prosessar i verksemda 
  • Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk 
  • Fordel med kjennskap til smidig metodikk 

Personlege eigenskapar

  • Du er en engasjerande og trygg fagperson med evne til å byggje bru mellom fag/forretning og teknologi 
  • Du har et strategisk blikk, heilskapleg forståing, auga for forbetring og gjennomføringsevne 
  • Du er god til å samhandla og byggje relasjonar og tillit på alle nivå 
  • Du er nysgjerrig på menneske og flink til å få fram det beste i dine kollegar 

Det blir lagt stor vekt på personleg eignaheit. 

Difor bør du velje oss

Vi tilbyr ei spanande stilling med utfordrande oppgåver i ei verksemd med eitt av dei viktigaste samfunnsoppdraga i Noreg. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdshendingar påverkar arbeidet vårt direkte, og vi er vane med å omstille oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. 

Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag. 

Vi held til i nye og flotte lokale på Helsfyr, med ein svært god kantine. Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, fleksibel arbeidsplass – og ikkje minst landets aller beste kollegaer (meiner vi). 

Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en, funksjonsnedsetjing eller annan etnisk bakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i Webcruiter når du søkjer. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Du blir tilsett som fagdirektør (1538) i lønsspennet 1.050.000 – 1.200.000 kr (brutto per år), avhengig av kvalifikasjonar. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse. 

Kva skjer no? 

Du søkjer på stillinga via søknadssystemet Webcruiter. Du må fylle ut CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved dette i eige format i tillegg. Du må òg leggje ved vitnemål, som du via Webcruiter lastar opp frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Har du utdanning frå utlandet, må ho vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no), og vitnemål frå utdanninga må leggjast ved. 

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste i samsvar med offentleglova § 25. Det er mogleg å be om å bli unnateken frå denne lista, men då må du grunngje ønsket. Dersom ønsket ikkje kan innvilgast, tek vi kontakt med deg på førehand. 

I samarbeid med ekstern leverandør brukar UDI bakgrunnssjekk. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjar og inneber at vi stadfestar CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

Kontaktinformasjon

Dag Anders Brunstad, Direktør for Digitalisering, 90610735
Kaja Onsum Rasmussen-Moseid, Seniorrådgiver rekruttering, 41525609

Arbeidssted

Innspurten 11D
0663 OSLO

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: UDI

Referansenr.: 5023752354
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted