Tre spennande vikariat: fysioterapeut og ergoterapeut – kanskje det er deg?

  • Heltid
  • BREMNES, NORGE
  • 11. januar 2026

Grunna babyboom i ergo- og fysioterapitenesta har me no fleire ledige årsvikariat!

Hos oss får du vere med og bidra til at vaksne med sjukdom eller skade får betre funksjonsevne og meistring i kvardagen. Du blir del av eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse og tett samarbeid – alt for å sikre god oppfølging for tenestemottakarane. 

Om tenesta
Ergo- og fysioterapitenesta i Bømlo kommune består av fire fysioterapeutar, fire ergoterapeutar, logoped og verksemdleiar. Tenesta driftar òg det kommunale hjelpemiddellageret. Det er i tillegg 4,4 driftstilskot for avtalefysioterapeutar i kommunen. 

*Utlysinga gjeld to ledige vikariat som fysioterapeut og eit ledig vikariat som ergoterapeut. Oppgi i søknaden kva stilling du søkjer. Søknadene blir vurderte kvar for seg etter fristen. 

Arbeidsoppgåver

Ergo- og fysioterapitenesta gir individuelt tilpassa tiltak for vaksne med funksjonsnedsetjing. Me tilbyr opptrening, rehabilitering, vurdering og tilpassing av hjelpemiddel, og har eit tett tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskapleg oppfølging. Pasientgruppa er særleg personar med funksjonsnedsetting og eldre.

  • Som fysioterapeut vil du få oppgåver innan rehabilitering, habilitering, oppfølgjing av kronisk sjuke, trening og hjelpemiddelformidling.
  • Som ergoterapeut vil du få oppgåver innan kartlegging, tilrettelegging, oppfølgjing av kronisk sjuke, habilitering og hjelpemiddelformidling. Det kan bli oppgåver på det kommunale hjelpemiddellageret.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som fysioterapeut eller ergoterapeut. Me vil oppmoda nyutdanna til å søkje.
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.

Det er ein fordel om du har:

  • Førarkort klasse B (tenesta har leasingbilar).
  • Erfaring /praksis frå kommunehelsetenesta, hjelpemiddelformidling, rehabilitering eller arbeid med vaksne/eldre.

Personlege eigenskapar

  • Engasjert, sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg arbeid.
  • Tydeleg kommunikasjon og evne til å skape tillit.
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig. 
  • Positivt menneskesyn og ønskje om å bidra til meistring og deltaking. 

I vurderinga legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon.

Me tilbyr

  • Ein arbeidsplass med stort fagleg engasjement og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Varierte arbeidsoppgåver som gir både fagleg og personleg utvikling. 
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

Anna informasjon

  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4. 
  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmoda alle kvaliserte søkjarar om å søkja stilling uavhengig av bakgrunn. 
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkjarliste. Det er mogleg å søkja om anonymitet, men det må vera særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synast du stillinga virkar spennande og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med verksemdsleiar Kathrine Tislevoll Nygård.

 

Kontaktinformasjon

Kathrine Tislevoll Nygård, Verksemdleiar, 901 95 430, Kathrine.Tislevoll.Nygard@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 25
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5045083276
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 12.01.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted