
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Om stillingane
Kunnskapsdepartementet har bestemt at det frå 2025 skal opprettast eit nasjonalt studentombod for fagskulesektoren, og at dette skal ligge i Tromsø. Studentombodstenesta er ei uavhengig rådgjevingsteneste for alle landets fagskulestudentar. Vi søkjer no to medarbeidarar til tenesta – ein med juridisk hovudkompetanse, og ein med breiare fagleg bakgrunn.
Stillingane vil høyre til i avdeling for Universell utforming og læringsmiljø, og leiar for avdelinga sit i Trondheim. Dei som blir tilsett får delta i utforminga av ombodet. I funksjonen som studentombod arbeider du sjølvstendig og uavhengig i tråd med prinsippa for ei ombodsteneste. Stillingane vil ha ei sosial tilknyting til ei av direktoratets avdelingar i Tromsø.
Studentombodet skal gje enkeltstudentar råd og hjelp i sakar knyta til deira studiesituasjon. Ombodet skal bidra til å ivareta studentanes rettstryggleik overfor fagskolen. Ein del av jobben blir å gjere ombodet kjent blant studentar og fagskolar og informere om studentars rettar. Ombodet skal også rapportere på si verksemd, til dømes i linja i direktoratet og til departementet . Stillingane vil også bli tillagt andre arbeidsoppgåver knytt til høgare yrkesfagleg utdanning, til dømes knytt til læringsmiljø/analyser, konferansar, mv
Då det er 60 fagskular og meir enn 30 000 studentar i Noreg, må det påreknas ein del reiseverksemd, i tillegg til mykje digital samhandling. Dette gjeld begge stillingane.
Arbeidsoppgåver til kvar stilling
Stilling nummer 1 – seniorrådgjevar
Hovudoppgåvene er knytt til utvikling av ombodstenesta, i tillegg til å utøve rolla som ombod når ordninga er oppe og går. Du må vere god til å byggje relasjonar, og trygg i møte med ulike menneske og situasjonar. Ein viktig funksjon for denne stillinga er å rapportere på arbeidet, og evaluere funksjonen som studentombod til bruk for direktorat og oppdragsgjevar.
Som studentombod vil du også til dømes:
- gje råd og støtte til studentar i spørsmål som gjeld studiekvardagen og rettar
- formidle informasjon om studentrettar, både direkte og gjennom digitale kanalar
- rapportere om studentane si situasjon og bidra til kunnskapsutvikling i sektoren
- drive oppsøkjande verksemd og delta på nasjonale møteplassar i fagskolesektoren
- drive digital rettleiing
- samarbeide med fagskolar, fagmiljø, leiing og andre aktørar
- delta i fagleg utviklingsarbeid og møteverksemd i avdelinga og i direktoratet
- delta i nasjonale og internasjonale nettverk for å utvikle ombodsrolla i ein større samanheng
Stilling nummer 2 – rådgjevar/seniorrådgjevar
I denne stillinga ser vi etter deg som har brei kompetanse innan juridiske fag, kommunikasjon, psykologi, pedagogikk, rådgjeving eller liknande for stillinga. Du må vere god til å byggje relasjonar, og trygg i møte med ulike menneske og situasjonar. Stillinga skal støtte opp i arbeidet med utvikling og evaluering av tenesta.
Stillinga skal gå inn i studentombodsfunksjonen, og i det ligg også her høg grad av samhandling med studentar og representantar frå fagskulane, direktoratet, departement og andre kontaktar. Stillinga vil ha eit hovudansvar for å utvikle og oppretthalde digital formidling om ombodets tenester.
Stillinga vil også ha ein del tilsvarande oppgåver retta mot studentane. Døme på dette er:
- gje råd og støtte til studentar i spørsmål som gjeld studiekvardagen og rettar
- formidle informasjon om studentrettar, både direkte og gjennom digitale kanalar
- drive oppsøkjande verksemd og delta på nasjonale møteplassar i fagskolesektoren
- drive digital rettleiing
- samarbeide med fagskolar, fagmiljø, leiing og andre aktørar
- delta i fagleg utviklingsarbeid og møteverksemd i avdelinga og i direktoratet
- delta i nasjonale og internasjonale nettverk for å utvikle ombodsrolla i ein større samanheng
Kvalifikasjonar
Til stillinga som seniorrådgjevar må du ha:
- fullført mastergrad (eller tilsvarande) innan rettsvitskap eller tilsvarande. Alternativ kan samfunnsfag eller pedagogikk vurderast, dersom du har juridisk erfaring eller juridiske emne som ein del av utdanninga
- gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk, inkludert evne og vilje til å forstå og formidle fagleg kompleksitet til ulike målgrupper
- erfaring med bruk av elektroniske verktøy som arbeidsverktøy
- gode relasjonelle ferdigheiter og kompetanse
- god til å kommunisere og samarbeide
- høg grad av sjølvstende og evne til å ta initiativ
- gode systematiske evner
- høg integritet og etisk medvit
Til stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar må du ha:
- fullført bachelorgrad eller høgare yrkesfagleg utdanning innan relevante fagområdet som jus, samfunnsfag, pedagogikk, kommunikasjon eller liknande. Kandidatar med annan utdanningsbakgrunn, kan vurderast dersom dei har særleg relevant erfaring.
- gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk, inkludert evne og vilje til å forstå og formidle fagleg kompleksitet til ulike målgrupper
- erfaring med bruk av elektroniske verktøy som arbeidsverktøy
- gode relasjonelle ferdigheiter og kompetanse
- god til å kommunisere og samarbeide
- høg grad av sjølvstende og evne til å ta initiativ
- gode systematiske evnar
- høg integritet og etisk medvit
Til begge stillingane er det og ein fordel om du har:
- erfaring frå offentleg forvaltning
- kjennskap til høgare yrkesfagleg utdanning
- erfaring frå arbeid med studentanes rettar innan utdanningsområdet
Hos oss får du:
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
- fleksibel arbeidstidsordning
- høve til trening i arbeidstida med inntil 2 timar i veka
- godt tilrettelagte og moderne lokale sentralt i Tromsø
- mobiltelefonordning
- gode kollegaer og meiningsfylte oppgåver
- medlemsskap i Statens pensjonskasse, som mellom anna gjer god pensjonsordning og boliglån med gode vilkår
Lønsvilkår
Lønna vert fastsett etter kompetanse og erfaring
- Stillingane vert lønna som seniorrådgjevar/rådgjevar, med ei årslønn mellom kroner 600 000 og kroner 800 000
- For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med trekk på to prosent av lønna til lovfesta innskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
Kontaktperson
Namn: Kjetil Andreas Knarlag
e-post: kjetil.knarlag@hkdir.no
telefon: 977 10 021