To konstitusjonar som jordskiftedommar ved Vestre Innlandet jordskifterett

Domstoladministrasjonen - Dommerstillinger

Om stillinga

Vil du ha ein jobb der du både får bryne deg på eit stort spekter av juridiske oppgåver samstundes som du har ei viktig samfunnsrolle – nemleg å skape tillit mellom naboar og styresmakter?

I rolla som jordskiftedommar vil du handtere saker som spenner frå naboar som treng å avklare vegrett, usemjer knytte til jaktrettar og disputtar om eigedomsgrenser. Mange av partane er sjølvprosederande, så i tillegg til jordskiftefagleg spissfindigheit, må du bruke mellommenneskeleg kløkt og evne å formidle jussen på ein folkeleg måte.

Ein annan svært positiv side ved denne jobben er variasjonen gjennom arbeidskvardagen – og då tenker vi verken på dei jordskiftefaglege problemstillingane eller partane du møter, men korleis jobben blir utført. Du kan sitje på kontoret den eine dagen og vere på synfaring den andre. 

Det blir ledig to konstitusjonar som jordskiftedommar i eitt år med mogleheit for forlenging ved Vestre Innlandet jordskifterett. Ein har valfri rettsstad ved enten Vågåmo eller Lillehammer, og ein med rettsstad Fagernes. Vi ber om kva du i søknaden opplyser kva rettsstad du søkjer på og kva du prioriterer. Tiltreding etter nærare avtale.

Det må påreknast å gjere teneste på alle rettsstadane i rettskrinsen.

NB! forlenga søknadsfrist til 3. august 2025.

Arbeidsoppgåver

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine vil vere: 

  • å planleggje for gjennomføring av tildelte saker på ein effektiv måte
  • å leie rettsmøte
  • å leie rettsmeklingar
  • å skrive avgjerder i eigne saker
  • å bidra til gode fagmiljø gjennom deling av kunnskap og erfaringar

Kven er du?

Krava vi stiller for å bli jordskiftedommar, er: 

  • jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå som oppfyller vedtekne kompetansekrav
  • brei yrkes- og livserfaring er ønskjeleg, noko du vil få bruk for i dei mange ulike sakene du vil handtere og i møte med menneske 
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, med eit språk alle kan forstå
  • analytiske evner, noko som kjem godt med ettersom sakene er komplekse og krev eit trena auge
  • evne til å jobbe sjølvstendig og å ta vanskelege avgjerder

Du må vere norsk statsborgar. Det krevst uttømmande politiattest dersom du blir innstilt.

Kva tilbyr vi?

Forutan ein svært variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga:

  • stort rom for fagleg utvikling. Du vil jobbe i kjernen av utviklinga av jordskiftefaget.
  • eit omfattande introduksjonsprogram for nye dommarar
  • årlege oppdaterings- og etterutdanningstilbod og moglegheit for éin månads studiepermisjon kvart fjerde år
  • ein heilt fabelaktig natur i nærområdet, som du kan nyte både i jobben og på fritida
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse

Ved tilsetjing tilbyr vi kr 1 016 000,- i lønn, jf. hovudtariffavtalen. Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.  Skyss- og kostgodtgjersle etter statens regulativ. Jordskifteretten har ei felles bilordning, og søkjaren må ha førarkort for bil.

Mangfald i Noregs domstolar

Det er viktig at dei tilsette i norske domstolar representerer eit godt mangfald med ulik bakgrunn og livserfaring. Vi har i dag eit rikt og fleirkulturelt samfunn. Noregs domstolar ønskjer derfor å rekruttere fleire medarbeidarar som har ein fleirkulturell bakgrunn, ulik arbeids- og livserfaring, funksjonsnedsetjing og hol i CV-en. Dette vil gi domstolane viktig kunnskap i utføringa av samfunnsoppdraget.

Mangfald er ein styrke, og vi vil leggje til rette for tilsette med ulike behov. Les meir om moglegheita for positiv særbehandling på https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling.

Generelle føresegner

Den som blir utnemnd må, utan erstatning finne seg i dei endringane som måtte bli gjorde i rettskrinsane og i organiseringa av domstolane, til dømes samanslåing med andre domstolar. Omorganisering kan føre til bortfall av leiaransvar, administrative oppgåver, endring av tittel og/eller ny kontorstad.

Personopplysningar i søknaden til stillinga og i CV-en vil bli handterte i samsvar med lov om behandling av personopplysninger. Du kan lese meir om personvern på domstol.no. Her finn du også generell informasjon om domstolane.

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25 andre ledd for høvet til å bli utelaten frå denne lista. Etter at søknadsfristen har gått ut, vil offentleg søkjarliste vere tilgjengeleg på Søkerlister – Innstillingsrådet for dommere | Norges domstoler.

Generell informasjon til søkjarane finst på www.domstol.no/innstillingsradet

Søknad med CV, vitnemål og attestar må sendast elektronisk via lenkje på denne sida: «Søk denne stillinga». Ver venleg å opplyse i søknaden kvar du først såg stillinga.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted