Tilkallingsvikariat som miljøarbeidar/fagarbeidar/miljørettleiar i tilrettelagde grupper hjå Os vgs

  • Deltid
  • OS, NORGE
  • 5. februar 2026

OPK-OV - Avd. Fellesfag/påbygg/HTHA, Vestland fylkeskommune

Os vidaregåande skule tilbyr fem yrkesfaglege utdanningsprogram: bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv og teknologi- og industrifag. I tillegg har vi landsliner innan anleggsteknikk og yrkessjåfør, påbygg til generell studiekompetanse og særskilt tilrettelagt opplæring. Skulen har om lag 500 elevar og 105 tilsette.

Skulens elevsyn er å møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Vår visjon byggjer på formålsparagrafen til opplæringslova:
Vi jobbar med samfunnets viktigaste verdi og bidreg til ei god framtid gjennom å utvikla sosialt kompetente og fagleg dyktige elevar og lærlingar for vidare liv, utdanning og yrke.

Gjennom skuleåret treng skulen ein eller fleire tilkallingsvikarar som kan arbeida som fagarbeidar i tilrettelagde elevgrupper. Vikarane vert tilkalla om fagarbeidarar vert borte frå arbeid eller om skulen mellombels må auke bemanninga i korte periodar. Fagarbeidarane skal arbeida i mindre grupper med inntil åtte elevar og i samarbeid med fleire fagarbeidarar og lærarar.

Arbeidsoppgåver

  • Støtta faglærar i undervisinga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassingar
  • Delta i opplæringsaktivitetar i klasserom, gymsal, på kjøkken, i verkstader og utandørs eller på andre arenaer.
  • Gjennomføra og/eller ta ansvar for sosiale eller helserelaterte tenester for elevane i skuletida, i tråd med elevane si trong
  • Samarbeida med andre fagarbeidarar og lærarar om å planleggja og gjennomføra undervising i tråd med individuelle opplæringsplanar.

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med utdanning innan helsefag, barne- og ungdomsfag, miljøarbeid eller anna relevant utdanning
  • Ynskjeleg med erfaring knytta til arbeid med ungdom og/eller menneske med nedsett funksjonsevne

Personlege eigenskapar

  • Søkjaren må vera fleksibel og ha høve til å arbeida i heile eller deler av veka.
  • Søkjaren må ha ei god evne til samarbeid og vera personleg eigna til arbeid med ungdom.
  • Søkjaren trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar og lærarar.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
  • Nært samarbeid med kollegaer
  • Ein god delingskultur og ei positiv innstilling
  • Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lova og avtaleverket
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Skulen tek atterhald om at trongen ikkje vert endra fram mot skulestart. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk.

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar. Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon

Lars Arne Nilssen, avdelingsleiar, 93897988

Arbeidsstad

Kolskogheiane 14
5210 Os

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5006766935
Stillingsprosent: 0%
Vikar

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted