Brattvåg barneskule, Haram kommune
Vi søker tilkallingsvikarar både som lærar og assistent i skule og SFO skuleåret 2025/2026. Gjeld både timar, deltid og fulltid. Skriv i søknaden kva som kan vere aktuelt.
Brattvåg barneskule er ein 1-7 skule som ligg sentralt plassert i Brattvåg med fjell og sjø i nærleiken. Vi har over 200 elevar frå mange ulike nasjonalitetar.
Skulen har innført leik og læring for dei minste trinna for å auke den sosiale tryggleiken samt gjere overgangen mellom barnehage og skule mindre. Vi har også uteskule for alle trinna ein dag i veka for å gjennomføre ei annleis undervisning. Skulen har eit godt og tverrfagleg samarbeid med ulike instansar i kommunen.
Skulen har vore sertifisert som dysleksivennleg skule sidan 2017 og vi brukar nynorsk i opplæringa. Vi har eit særleg fokus på begrepsopplæring på trinna.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønsker å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med å forme framtida.
I Haram kommune er gode og heilskapelege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning (lærarstilling).
- Gje omsorg og vere ein trygg vaksenperson for kvart enkelt barn.
- Gje barn positiv oppfølging og støtte.
- Bidra i daglege aktivitetar og vere til stades for barna i kvardagen.
- Bidra til tett og godt samarbeid mellom skule og heim.
- Følge opp enkeltelevar etter behov, både fagleg og sosialt.
Kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse og/eller relevant fagkompetanse for lærarstilling.
- Erfaring med arbeid med barn i skule, SFO og barnehage er positivt.
- Søkar må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
- God digital kompetanse.
- Tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein god rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på det enkelte barn.
- Ha god relasjonskompetanse.
- Kunne arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
- Vi søker deg som er oppteken av gode løysingar, har gode samarbeidsevner, og som trivst i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar.
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag som du kan vere med å forme.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt skulemiljø.
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtalar.
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Unni N Krogsæter, Verksemdsleiar/Rektor, 97560016, Unni.Neras.Krogsaeter@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Skulesvingen
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4988695669