Tilkallingsvikar/vikar

  • Heltid
  • ETNEDAL, NORGE
  • Publisert: 1 måned siden
  • 18. desember 2025

Etnedal skule søkjer etter tilkallingsvikarar, det kan også vera aktuelt med vikariat over ei periode ved behov.
Vi tek kontakt med søkarar og tilset etter kvart som skulen har behov.
Vi ber om forståing for at du difor ikkje alltid høyrar frå oss umiddelbart etter at du har sendt inn søknaden din.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Etnedal Kommune er ein liten kommune med korte avstandar og høve for rekreasjon i ven natur heile året. Og sjølv om kommunen er liten, er vi ein kommune som får til mykje!
Vi satsar på gode oppvekstsvilkår og har både ny barnehage med høg kvalitet, ny fleirbrukshall og godt kvalifiserte lærarar på skulen! I tillegg kan vi by på fleire mil med skiløyper, padling i verdsklasse, flotte fjellområde og det største klatrefeltet i Valdres.
Her skal liten og stor trivast, med gode kommunale tenester og mange aktive lag og organisasjonar.
Vi legg stor vekt på personleg service og nærleik til kommunale tenester og med slagordet minst og best, er Etnedal kommune ein god stad og bu og jobbe i.

Arbeidsoppgaver

Undervisning eller assistentoppgåver ved 1.-10. trinn. Alle fag kan vera aktuelle. 

Kvalifikasjoner

Det er primært ynskjeleg med godkjend lærarutdanning, relevant høgskuleutdanning eller relevant fagbrev.
Søkarar som kan vera tilgjengelege delar av skuleåret er også velkomne til å søke. 

Personlige egenskaper

Vi legg vekt på at dei tilsette;
Kan byggja gode relasjonar både til elevar og føresette
Tek initiativ og bidreg til utvikling av eit godt læringsmiljø og arbeidsmiljø
Er fleksibel og har gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

Varierande og utfordrande arbeid i eit positivt miljø
Inkluderande arbeidsliv
Gode forsikrings- og pensjonsvilkår

Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding, jf opplæringslova § 10-9. 
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Attester og vitnemål sendast med elektronisk.

Kontaktinformasjon

Wenche Rognerud, Rektor, +47 61121801

Arbeidssted

Kyrkjevegen 10
2890 ETNEDAL

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Etnedal kommune

Referansenr.: 5006366087
Stillingsprosent: 100%
Fast

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted