Tilkallingsvikar som landbruksrådgjevar i Lom og Skjåk

  • Heltid
  • SKJÅK, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 12. juli 2025

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Vil du vere med og utvikle landbruket i kommunane vår? Vi søkjer ein engasjert og kunnskapsrik medarbeidar til ei spennande og variert stilling ved landbrukskontoret.

Lom og Skjåk kommunar har etablert felles landbruksteneste med kontor i Skjåk. Det er ledig vikariat som rådgjevar i 100 % stilling. Vikariatet er for tida innan landbruk og er ledig frå dags dato med oppstart etter nærare avtale. Vikariat er fram til og med 30.04.2026, men med mogleg forlenging. Stillinga inngår i eit tverrfagleg team som arbeider med landbruksforvaltning og berekraftig ressursforvaltning.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling innan jord- og skogbruk, tilskotsordningar og jordlovsaker

  • Oppfølging av miljø- og klimatiltak i landbruket

  • Deltaking i utviklingsprosjekt og samarbeid med regionale aktørar

  • Bidra til god dialog mellom kommunen og landbruksnæringa

Kvalifikasjonar

  • Utdanning innan landbruk, naturforvaltning eller tilsvarande

  • Erfaring frå offentleg forvaltning og/eller landbruksnæringa er ein fordel

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling

  • Førarkort klasse B

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale

  • Pensjonsordning i KLP

  • Ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi

  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling

  • Fleksibel arbeidstid

  • Kontorplass i Bismo

Spørsmål om stillinga kan rettast til Erling Dagsgard, landbrukssjef, telefonnummer: 90 99 94 96, e-post: erling.dagsgard@skjaak.kommune.no

Søknadsfrist 13. juli

  • Elektronisk søknadsskjema

  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Kommunedirektøren

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted