Tilkallingsvikar lærar/assistent i skule og SFO ved Hildre Montessoriskule

  • Deltid
  • HILDRE, NORGE
  • 29. april 2026

Hildre Montessoriskule Sa

Vil du bidra til å skape gode dagar for barn og unge ved Hildre Montessoriskule?

Hildre Montessoriskule er ein privatskule med mange lærelystne barn og motiverte og trivelege tilsette. Vi arbeider for å utvikle læring gjennom montessoripedagogikken og treng difor kompetente, engasjerte og nytenkjande medarbeidarar som er stolte av faget sitt og som kvar dag brenn for å legge til rette og å bringe fram det beste i kvart enkelt barn. ‍

Om stillinga

  • Hildre Montessoriskule har behov for tilkallingsvikarar for lærarar og assistentar i skule og SFO

Kvalifikasjonar:

  • Det er ønskjeleg med arbeidserfaring frå skule eller SFO.

  • Ein fordel med pedagogisk utdanning/fagbrev.

  • Gyldig politiattest må leggast fram.

Dine personlege eigenskapar:

  • Du er initiativrik, strukturert og sjølvstendig

  • Du har god formidlingsevne

  • Du er ein tydeleg vaksen og god rollemodell for elevane

  • Du bygger gode relasjonar med barn og mellom barn

  • Du arbeider godt saman med andre

  • Du er fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver

  • Du bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø for både barn og vaksne

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande tariff

  • Utfordrande og spennande oppgåver

  • Eit skulemiljø med engasjerte og positive kollegaer, føresette og skuleeigarar

For meir informasjon, sjå heimesida www.hildreskule.no, for spørsmål og søknad ta kontakt med:

Steffen André Kråkenes (dagleg leiar/rektor) på 91 19 13 34 og e-post: steffen.krakenes@hildreskule.no

Søknadsfrist: snarast

Jobbsted